Farmasøyt
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 17.06.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Farmasøyt
Sjukehusapoteket i Haugesund (SiH) leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Fonna, og er eit stort apotek med omlag 40 tilsette. Sjukehusapoteket har fem operative avdelingar: Produksjonsavdeling, publikumsapotek, sjukehusekspedisjon, avdeling for farmasøytiske tenester og eit regionalt pakkeanlegg for eindose. Sjukehusapotekt i Haugesund leverer også tenester til Stord sjukehus og nokon medarbeidarar har arbeidsstad der nokre dager i veka.
Vi søkjer no etter ein farmasøyt til eit vikariat. Som farmasøyt hos oss bidreg du kvar arbeidsdag til at pasientar får legemidla dei treng, og at dei brukar dei på rett måte. Stillinga er spennande og fagleg utfordrande, og vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og gode kollegaer. Avdelingane våre samarbeider tett, og du får sjansen til – og kan forvente – å arbeide i fleire av dei.
Det er ønskjeleg med oppstart 1. september 2025, eller etter avtale, og vikariatet varer ut august 2027.
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Rogaland og Vestland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester.
Vi ser fram til å høyre frå deg – og ta gjerne kontakt om du lurer på noko!
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva avdeling ein jobbar i, det kan vere mellom anna:
- kundeservice, medisinstart, vaksinering og veiledning av kunder og pasienter
- produksjon og kontroll av eindosepakka legemidlar
- klinisk arbeid på post, til dømes legemiddelsamstemming, legemiddelgjennomgang, undervisning og pasientsamtalar
- vareflyt, logistikk og rettleiing av helsepersonell
- produksjon og kontroll av cytostatika og andre tilsetningsprodukt
Andre oppgåver kan også tilfalle stillinga ved behov.
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som farmasøyt.
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna.
- Du har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Du har gode IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som er ansvarsfull, tilpassar deg ulike oppgåver og arbeider nøyaktig med stor merksemd på kvalitet.
- Du trivst i eit hektisk miljø og handterer travle periodar godt.
- Du set pris på å bygge gode relasjonar og samarbeid på tvers av fagområda, samtidig som du arbeider sjølvstendig og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- I tillegg har du interesse for å bruke digitale verktøy i det daglege arbeidet.
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse.
- Fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom varierte arbeidsoppåver, opplæring og kompetansebygging.
- Eit arbeidsmiljø der vi ønskjer god takhøgd og rom for latter og humor.
- Du får sjølvsagt løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Emballasjekontroll
- Farmasi
- Generell legemiddelkunnskap
- IT-kompetanse
- Logistikk
- Norsk
- Produksjon av farmasøytiske preparater
- Vaksinasjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,7 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Farmasi og legemiddel, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Farmasøyt, Apotek, Sykehusapotek, Haugesund, Vikariat
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465791885
- Sist endret


