Vegplanleggar
Vestland fylkeskommune
- Frist 14.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Vegplanleggar
Som vegplanleggar hjå oss får du ei sentral rolle i prosjektering av veg- og gateanlegg, der du bidrar til å utvikle berekraftige og framtidsretta samferdselsløysingar. Du vert ein viktig del av eit tverrfagleg fagmiljø og jobbar tett saman med prosjekteringsleiar, rådgivarar og spesialistar innan til dømes VA, landskap og elektro – for å sikre heilskaplege og gjennomførbare løysingar frå tidlegfase til detaljprosjektering.
Stillinga tilhøyrar seksjon Prosjektering innan avdeling Vegfag, under Infrastruktur og Veg. Seksjonen har ei
sentral rolle i utvikling og gjennomføring av veg- og infrastrukturprosjekt, i tett samspel med andre fagseksjonar og avdelingar på Infrastruktur og Veg.
Arbeidsoppgåver
Prosjektering
- Prosjektering av veg- og gateanlegg for konkurransegrunnlag
- Utarbeiding av modellar, teikningar og tekniske beskrivelsar
- Modellbasert prosjektering (BIM) med verktøy som Novapoint og AutoCAD Civil 3D
- Sporingsanalysar og dimensjonering av veganlegg og vegoppbygging
Konkurransegrunnlag og dokumentasjon
- Utarbeiding av grunnlag til konkurransegrunnlag
- Mengdeberekningar
- Utarbeiding av arbeidsgrunnlag for utførande
Tverrfagleg samarbeid
- Tverrfagleg samhandling
- Tett samarbeid med prosjekteringsleiar, rådgivarar og byggeleiar
- Deltaking i prosjekteringsmøte
- Oppfølging og rådgjeving
- Bidra til utvikling av digitale arbeidsmetodar og innovative løysingar
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Relevant høgare utdanning (bachelor eller master) innan bygg og anlegg - med relevante vegfag
- Ønskeleg med kjennskap til BIM
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Kjennskap til Statens vegvesen sine handbøker
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner og trivst med å arbeide i tverrfaglege prosjekt. Du jobbar strukturert og målretta, tek ansvar for oppgåvene dine og bidreg aktivt til framdrift i prosjekt. Du kommuniserer tydeleg og skaper gode relasjonar til både kollegaer og samarbeidspartnarar. Samstundes er du initiativrik, løysingsorientert og oppteken av å dele kunnskap og utvikle fagmiljøet rundt deg.Vi tilbyr
Hjå oss får du:
- Ein spennande, variert og meiningsfull arbeidskvardag, der ingen dagar er like
- Eit inkluderande og sterkt fagmiljø med høg trivsel, kjenneteikna av samarbeid, tillit og fagleg
engasjement - Ei utfordrande stilling i ein flott organisasjon, der du får høve til å bidra aktivt til utviklinga av Vestland
fylkeskommune - Ei stilling der du raskt får ansvar og handlingsrom i rolla di
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling, gjennom varierte oppgåver, tett samarbeid med erfarne
fagmiljø og kontinuerleg kompetansebygging
FerdigheterAI-generert
- beregning og estimering
- Byggeteknikk
- Kunnskap om tekniske standarder og forskrifter for veibygging
- Vegteknikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Ingeniør, Samferdselsteknikk og arealplanlegging
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Prosjektering, Veg, Samferdsel
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465587351
- Sist endret




