Bildegalleri
Hundepass 1.-15. juli søkes - kan gjerne byttepasse
Til salgs
7 000 kr
Beskrivelse av varen
Me har fått ei endring i planlagt hundepass i sommar og ser derfor no etter ei god løysing for vår gode storpuddel i perioden 1.-15. juli.
Me ser etter erfarne dyrevenner som tar eit betalt oppdrag med hundepass i nærheten av Bergen (inntil 1 time fra Bergen). Eventuelt kan me vere interessert i å tilby å passe din hund tilbake, me bur i landlige omgjevnader med stor boltreplass 1 time fra Bergen.
Mister er ein storpuddel som blir 4 år i sommar. Han bur saman med oss og våre tre gutar på 6, 10 og 16 år, samt ein katt. Han er ein svært roleg, trygg og kjærleg hund som trivst godt rundt både barn og vaksne. Mister er glad i kos og nærleik, og har eit behageleg og stabilt lynne.
Han røyter ikkje, er van med kvardagsliv i familie, og går godt saman med andre hundar. Han har jamnleg leik med andre hundar, og har tidlegare blitt passa saman med tisper med stor suksess. Han bur også med katt, uten problem.
Mister er kjemisk kastrert og kjem ferdig børsta og stelt før opphaldet, så det skal ikkje vere behov for pelsstell i perioden.
Dersom dette kan vere eit ønska oppdrag for deg ønskjer me å avtale eit treff i løpet av juni, slik at me kan bli litt kjende på førehand, og for å sjå om det kjennest som ein god match for begge partar.
Dersom det er aktuelt med byttepass er me veldig klar for å få ein hundekompis til i sommar. Me bur på eit nedlagt småbruk, og her er stort sett nokon heime heile døgnet. Din hund vil bli ein naturleg del av vår kvardag, med gode turer i landlig miljø - og få eige rom å trekke seg tilbake på ved behov. Me har hatt hund store delar av livet, og har fokus på å ha eit roleg og stimulerande miljø for hunden. Byttepass er foretrukket med tisper, men ikkje eit absolutt krav. Din hund må også tole å bu med ein katt.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 30.5.2026 kl. 15:48 ・ FINN-kode: 465383656
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt

