Karriererettleiar
SPIRA UTVIKLING AS
- Frist 7.6.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Engasjert karriererettleiar søkes til Spira utvikling
Vil du vere med og skape moglegheiter for andre?
Hos Spira utvikling jobbar vi kvar dag for å styrke menneske sine moglegheiter i arbeidslivet. No søkjer vi ein engasjert karriererettleiar i 60 % stilling som ønskjer å bidra til at fleire kjem ut i arbeid eller utdanning. Stillinga er mellombels på 2 år, med moglegheit for forlenging.
Søknadsfrist: snarast mogleg
Du vil jobbe tett med deltakarar med ulik bakgrunn, og vere ein viktig støttespelar i deira veg mot arbeid, meistring og utvikling.
Arbeidsoppgåver
Individuell karriererettleiing og tett oppfølging av deltakarar
Kartlegging av kompetanse, ressursar og mål
Rettleiing i jobbsøkarprosessar (CV, søknad, intervju)
Aktivt arbeid mot arbeidsgjevarar og næringsliv
Byggje og vedlikehalde relasjonar og nettverk i regionen
Samarbeid med NAV og andre samarbeidspartnarar
Dokumentasjon, rapportering og skriftleg oppfølging av deltakarar – ein vesentleg del av arbeidet er rapportering til NAV
Arbeide målretta for progresjon og overgang til arbeid eller utdanning
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
Helst har bachelor innan sosiale fag (til dømes sosialt arbeid, vernepleie eller liknande), men relevant erfaring kan kompensere
Har erfaring med rettleiing, oppfølging eller arbeid med menneske i endring
Har god kjennskap til arbeidsmarknaden og arbeidsgjevarar sine behov
Er trygg i rolla di og jobbar sjølvstendig
Er strukturert, målretta og oppteken av resultat
Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å motivere andre
Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Har god digital kompetanse og trivst med å bruke digitale verktøy
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Kvifor jobbe hos oss?
Hos Spira Utvikling får du:
Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit selskap i sterk vekst
Engasjerte og kompetente kollegaer som spelar kvarandre gode
Ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell i menneske sine liv
Eit inkluderande arbeidsmiljø
Varierte arbeidsdagar med høg grad av sjølvstende
Opplæring i metodar og verktøy innan arbeidsinkludering
Moglegheiter for fagleg utvikling
For meir informasjon, ta kontakt med:
Carina Opedal Tiltaksleiar / fagansvarleg 919 23 488
Mail: carina@spirautvikling.no
Ferdigheter
- Norsk
- Relasjonsbygging
- Veiledning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Spira utvikling AS er ei arbeidsmarknadsverksemd eigd av Etne kommune og Vindafjord kommune, med om lag 70 tilsette.
Me driv vaskeri, transport og ei rekkje andre avdelingar – og er tiltaksarrangør for NAV innan varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT).
Hos oss går produksjon og menneskeleg utvikling hand i hand.
- Sektor: Privat
- Sted: Tongane 59, 5590 Etne
- Bransje: Helse og omsorg, Industri og produksjon, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Veileder, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
karriererettleiing, oppfølging, arbeidsinkludering, kompetansekartlegging
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465376677
- Sist endret
