Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Bergen
Bilde fra arbeidsgiver

Assisterande rektor

Vestland fylkeskommune

  • Frist 14.06.2026
  • Ansettelsesform Fast

Assisterande rektor

Laksevåg og Bergen maritime vgs har 80 tilsette og omlag 500 elevar. Skulen har totalt 33 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor teknologi- og industrifag tilbyr skulen industriteknologi, brønnteknikk, kjemiprosess og laboratoriefag og maritime fag. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum og på Laksevåg.

Ved skulen er det ledig stilling som assisterande rektor frå 1.august 2026.

Assisterande rektor fungerer som skulens øvste leiar ved rektor sitt fråvær.


Arbeidsoppgåver

  • Avdelingsleiaransvar for ei av avdelingane på skulen
  • Pedagogisk utviklingsarbeid
  • Ansvar for gjennomføring av eksamen
  • Ansvar for klagehandsaming
  • Ansvar for gjennomføring av elevundersøkinga og undervisnings evaluering
  • Skuleadministrative oppgåver
  • Personal- og økonomiansvar
  • Ressurs- og timeplanlegging

Kvalifikasjonar

  • God kjennskap til vidaregåande opplæring
  • Leiingserfaring frå vidaregåande opplæring er ynskjeleg
  • Kjennskap til Visma Enterprise og InSchool er ynskjeleg
  • Til alle pedagogiske leiarstillingar er det krav om fagleg og pedagogisk kompetanse, jf oppl.l.

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeidsevner og gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • Legg vekt på medverknad og dialog for eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
  • Har evne til å planlegge, strukturere og organisere arbeidet.
  • Er målretta, systematisk og løysingsorientert.
  • Ynskjer å legge til rette for inovasjon og nyskaping.
  • Set elevane si læring, læringsmiljø, trivsel og vekst først.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Gode høve til eiga læring og utvikling.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.

Ferdigheter
AI-generert

  • Utføre pedagogisk testing
  • Yrkeskompetanse

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Odd Frantzens plass 6, 5008 Bergen
  • Bransje: Barn, skole og undervisning
  • Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor
  • Arbeidsspråk: Norsk
Vestland fylkeskommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Jan Kåre Greve
  • Stillingstittel: rektor
  • Mobil: 91 68 09 78
Send SMS
  • Bli kjent med Vestland fylkeskommune
  • Flere stillinger fra Vestland fylkeskommune

1564 følger dette firmaet

Bedriftens profilbilde
Vestland fylkeskommune logo

Vestland fylkeskommune

    Heimeside

    Firmaets beliggenhet

    Odd Frantzens plass 6, 5008 Bergen

    Kart

    Annonseinformasjon

    • FINN-kode 465281684
    • Sist endret 29.5.2026, 14:17
    Rapporter annonse