Her er du

FINN/Jobb/Søk/Agder/Bykle

Tenesteleiar/rektor

Bykle Kommune

  • Frist 11.6.2026
  • Ansettelsesform Fast

Vil du leie ein framtidsretta skule i spektakulære omgjevnader – med stort handlingsrom, tett samarbeid og høg trivsel?

Dette er stillinga for deg som ønsker å leie ein liten skule med store moglegheiter, tett på elevar, tilsette og lokalsamfunn. Som rektor ved Fjellgardane skule får du ei synleg og viktig leiarrolle, der du får vere med og forme utviklinga av både skulen og lokalmiljøet.

Om stillinga

Fjellgardane skule ligg på Hovden, øverst i vakre Setesdal, og er ein 1.-7. skule med litt over 40 elevar og 15 tilsette. Skulen har eit trygt og inkluderande læringsmiljø, engasjerte tilsette og tett kontakt med lokalsamfunnet. Vi ønsker ein rektor som vil utvikle vidare det gode fagmiljøet og styrke arbeidet med læring, trivsel og samarbeid - til beste for elevane våre. Du blir ein del av eit tett og godt samarbeid med barnehageleiar, kultur- og fritidsleiar og kommunalsjef.

Kvifor velje Fjellgardane skule?

På Fjellgardane skule får du som rektor stort handlingsrom til å skape eit godt læringsmiljø. Skulen har gode digitale verktøy, oppdaterte lærebøker og godt utstyr til praktisk og kreativ undervisning.

Hos oss får du:

  • Ei meiningsfull leiarrolle med stor påverking
  • Eit inkluderande og kompetent fagmiljø med engasjerte kollegaer
  • Ein moderne skule med gode pedagogiske verktøy og fasilitetar
  • Fast uteskuledag kvar veke - med læring tett på naturen
  • Støtte frå ei samarbeidande og kompetent leiargruppe
  • Deltaking i kommunen sitt leiarutviklingsprogram
  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Moglegheit for bustad, hjelp til å skaffe bustad og flyttegodtgjersle etter gjeldande reglement
  • Studielånsordning: Etter eitt år som folkeregistrert i Bykle får du sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år (frå 2026)
  • Tilgang til bedriftsleilegheit i Kristiansand

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle vidare skulen som ein profesjonell læringsorganisasjon
  • Drive utviklingsarbeid
  • Forvalte ressursar slik at vi sikrar trivsel og kvalitet
  • Ha overordna ansvar for økonomi og personal
  • Legge til rette for involvering og gode samarbeidsprosessar
  • Samarbeide med interne og eksterne aktørar
  • Skape eit trygt og motiverande lærings- og arbeidsmiljø
  • Følgje opp prioriterte satsingsområde og avtalar
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning / lærarutdanning
  • Pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
  • God innsikt i fagleg og pedagogisk arbeid
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er ein synleg og tydeleg leiar som viser retning
  • Evnar å engasjere og motivere medarbeidarar
  • Har god fagkompetanse og tillit i leiarrolla
  • Byggjer gode relasjonar til elevar, tilsette og foreldre
  • Er inkluderande og opptatt av fellesskap
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å skape ein god samarbeidskultur
  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Har god gjennomføringsevne

Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Praktisk informasjon

  • Det blir kravd politiattest ved tilsetting
  • Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i vår digitale søkjarportal
  • Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju
  • Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot

Bykle kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unntatt offentlegheit, men dette må grunngivast skriftleg, jf. offentleglova § 25. Dersom ønsket ikkje kan innfriast, vil du bli varsla før offentleggjering.

For meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med rekrutteringsrådgivar i Personalhuset Search & Selection, Knut Handeland, tlf. 98 29 52 78 / e-post: knut.handeland@personalhuset.no.

Les artikkelintervju om stillinga her: https://www.personalhuset.no/stilling/fjellgardane-skule

Bykle kommune som arbeidsgivar

  • Kommunen er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområde og sju tenesteeiningar
  • Kommunen har om lag 190 tilsette
  • Det er kort avstand mellom leiar og tilsett
  • Kommunen er ein IA-bedrift

Ferdigheter
AI-generert

  • Norsk
  • Økonomistyring

Om arbeidsgiveren

Bykle er ein liten kommune med store moglegheiter - og korte avstandar mellom folk. Kommunen har om lag 1000 innbyggjarar, men over 20 000 i høgsesong på Hovden.

Her får du:

  • Nærleik til natur, fjell og friluftsliv året rundt
  • Eit aktivt lokalsamfunn og gode oppvekstvilkår
  • Varierte fritidstilbod: alpint, langrenn, golf og badeland
  • Ein organisasjon med korte beslutningsvegar og tett samarbeid
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Skulevegen 41, 4755 Hovden i Setesdal
  • Flere arbeidssteder: 4611 Kristiansand S, 3724 Skien, 4005 Stavanger, 3800 Bø i Telemark
  • Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
  • Stillingsfunksjon: Ledelse, Rektor / Ass. Rektor, Undervisning og pedagogikk

Nøkkelord

Utdanningsledelse, Utdanningsadministrasjon, Tjenesteledelse, Skoleledelse, Rektor

(1/5)

  • Bilde 1 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 2 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 3 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 4 av 5 i jobbannonse-galleriet
  • Bilde 5 av 5 i jobbannonse-galleriet
Bykle Kommune logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Knut Handeland
  • Stillingstittel: Avdelingsleder og seniorrådgiver Search & Selection
  • Mobil: 98 29 52 78
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med Bykle Kommune
  • Hjemmeside
  • Flere stillinger fra Bykle Kommune

1071 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Skulevegen 41, 4755 Hovden i Setesdal

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 465201743
  • Sist endret 29.5.2026, 11:47
Rapporter annonse