Miljøterapeut fast og vikariat
Bufetat
- Frist 10.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer engasjerte medarbeidarar til vår inkluderande arbeidsplass. Bli med og gjer ein forskjell!
Ved Nord-Jæren barne- og ungdomssenter har vi ledig fast stilling som miljøterapeut i 100 % stilling. Vi har og ei mellombels stilling i 100 % med varigheit fram til 31. desember 2027, med moglegheit for forlenging.
Nord-Jæren barne- og ungdomssenter er ein statleg barnevernsinstitusjon som ligg i Sandnes og Stavanger kommune. Senteret har fire avdelingar. Tre av avdelingane er omsorgsinstitusjonar for ungdom, medan éi avdeling er for barn. Alle avdelingane har plass til fire barn eller ungdommar. I Sandnes ligg Minde 1 og Minde 2, og dei held til i eit triveleg nabolag.
Arbeidsoppgåver
Målet vårt er å saman med dei andre tilsette, bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv.
Korleis oppnå dette målet:
- Utføre godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp.
- Sikre tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernsteneste, føresette, sosialt nettverk, skule, helse og arbeid.
- Bidra til å vareta rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
- Arbeid med krise- og stresshandtering og stabilisering av barn i krise.
- Arbeid førebyggjande og handtere åtferd/hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølv eller andre.
- Kartleggje styrkane til ungdommen og behov og utarbeide og følgje opp planar på ein fagleg og systematisk måte.
Kva bakgrunn har du?
Me ser etter deg som har
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) bachelor tilsvarande 180 studiepoeng.
- Anna relevant bachelorgrad som til dømes innan lærer,sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Kandidatar utan 3-årig bachelorgrad, men med anna relevant høgskuleutdanning og erfaring, kan også søkje.
- Har førarkort for personbil kl. B.
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (tilsvarande B2).
- Er sjølvstendig i skriftleg arbeid og har god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Har god fysisk og psykisk helse.
Det er ønskeleg med
- Erfaring frå fagfeltet, miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Kjennskap til Barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernslova.
- Kjennskap til Tryggleik og sikkerheit.
- Kjennskap til Traumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar
Kven ser vi etter:
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring.
- Du er engasjert, og har evne til å motivere andre.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivast med utfordringar, og tålar hektiske og spanande kvardagar.
- Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ i stillingskode 1489 miljøterapeut, kr 490 000 - 640 000 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1534 spesialutdanna miljøterapeut, kr 540 000 - 690 000 pr år. Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.
- Søkjarar som får fritak frå kravet om bachelorutdanning, men har minimum fullført 90 studiepoeng innanfor relevant fagområde, blir innplassert i stillingskode 1488 miljøterapeut, kr 460 000 - 560 000 pr. år.
- Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillingane er for tida lagd til Nord-Jæren barne- og ungdomssenter Minde 2.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og laste opp vitnemåla og attestane dine. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane din. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Dokumentasjonsverktøy
- Hendelsehåndtering
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Mindeveien 8 A, 4327 Sandnes
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
barnevern, ungdom, omsorg, Sosialfag, Sosialt arbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 465048882
- Sist endret

