Bildegalleri
Hundepass i juli
Til salgs
200 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 4 år eller eldre
Hei!
Eg heiter Sarek og er ein 12 år gammal border terrier-herremann som ser etter nokon å henge med frå 17.–26. juli.
Eg er ein roleg og grei type som likar sofa, tur og å berre vera i nærleiken av folk. Eg går fint overeins med både store og små menneske, og eg bjeffar ikkje. Eg er ikkje typen som lagar kaos – eg følgjer helst etter deg som ein liten skugge og passar på at du ikkje er einsam på kjøkkenet.
Eg er vant til å vera heime medan folk er på jobb, så eg klarar fint å slappe av aleine òg. Eg har bur og trivst godt med å ligge der om det passar best hos deg.
Tidlegare hundepassarar har berre fine ting å seie om meg (ikkje for å skryte… men litt kanskje).
Matmødrene mine betaler sjølvsagt for pass.
Dersom du har lyst på ein enkel, koseleg og lydig feriegjest i juli, så håpar eg du tek kontakt!
Helsing
Sarek 🐾
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 23.5.2026 kl. 19:13 ・ FINN-kode: 464636857
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt