Avdelingsleiar Eikelund ungdomssenter
Bufetat
- Frist 05.06.2026
- Ansettelsesform Fast
Spanande leiarstilling i nyetablert senter
Om stillinga og arbeidsstaden
Er du ein engasjert og tydeleg leiar som brenn for å skape reell endring for barn og unge? Ønsker du å vere med å vidareutvikle eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod i Bufetat region vest? Då håpar vi du søkjer stillinga som avdelingsleiar hos oss.
Fana og Ytrebygda ungdomssenter vart etablert 1. januar 2026 som ein del av utviklinga av ei ny sentermodell i Bufetat region vest. No søker vi ein avdelingsleiar til ei ny behandlingsavdeling for ungdom mellom 13 og 18 år med alvorleg åtferdsproblematikk. Dette er ei unik moglegheit til å vere med å vidareutvikle eit nytt fagmiljø og bidra inn i eit spennande utviklingsarbeid med mål om å skape meir fleksible, heilskaplege og individuelt tilpassa institusjonstilbod.
Vi søker ein trygg, strukturert og relasjonssterk leiar som skaper resultat gjennom menneska rundt seg. Du har evne til å motivere, samle og utvikle medarbeidarar, og du veit at gode tenester til ungdom blir skapt gjennom tydelege rammer, høg fagleg kvalitet og trygge relasjonar. Du er opptatt av å bygge eit arbeidsmiljø prega av tillit, samarbeid og fagleg utvikling, og du står støtt også når kvardagen er krevjande.
Som leiar i Bufetat må du vere grunnleggande opptatt av kva som gir gode og verknadsfulle tenester for barn og unge. Hos oss betyr dette blant anna å arbeide systematisk med medverknad, utviklingsstøtte og endringsarbeid, samtidig som vi samarbeider tett med familie, nettverk og andre hjelpetenester rundt ungdommen.
Avdelinga vil følgje standardisert forløp for behandlingsinstitusjonar. Arbeidet vil vere prega av struktur, relasjonsbygging og tett miljøterapeutisk oppfølging rundt kvar enkelt ungdom.
Som avdelingsleiar får du ansvar for å leie og vidareutvikle ei personalgruppe på om lag 30 tilsette. Du vil få tett støtte og opplæring frå regionen si eiga faglege støtteseksjon, økonomi og HR. Du blir ein del av eininga sitt leiarteam, deltek på regionale leiarsamlingar og får ta del i Bufetat sitt leiarutviklingsprogram.
Dette er ei stilling for deg som ønskjer å vere tett på både fag, menneske og utvikling - og som vil vere med å forme eit behandlingstilbod som kan gjere ein forskjell i ungdommane sine liv.
Arbeidstid er dagtid med fleksitidsordning. Avdelinga vil vere lokalisert på Tveiterås i Fana bydel i Bergen. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Mål for stillinga er å sikre stabil drift og bemanning.
Korleis oppnå dette målet:
- Ta kloke beslutningar i augneblikket, samstundes som du leiar med fagleg tryggheit, etisk bevisstheit og tydeleg deltaking.
- Vere ein deltakande og tilgjengeleg leiar for dei tilsette.
- Ivareta fag- og kvalitetsutvikling og dagleg drift av avdelinga.
- Følge opp internkontroll, økonomi, rekruttering og sikre god ressursutnytting.
- Bidra aktivt inn i senterets leiarteam.
Kva bakgrunn har du?
Må-krav:
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå (fortrinnsvis innan barnevern eller sosialt arbeid).
- Gode kommunikasjonseigenskapar både munnleg og skriftleg på norsk.
- Leiarerfaring.
- God økonomiforståing og røynsle med budsjett- og driftsansvar.
- Sertifikat for personbil.
Bør krav:
- Vidareutdanning innan leiing og administrasjon.
- Kjennskap til barnevernsfeltet og relevant lov- og regelverk.
- Erfaring med faglig utviklingsarbeid og tverrfaglig samhandling.
- Gode digitale ferdigheiter og erfaring med rapportering og dokumentasjon.
- Leiarerfaring fra institusjonsdrift eller annen barnevernsrelatert verksemd.
Personlege eigenskapar
- Emosjonell robustheit og evne til å stå i krevjande situasjonar.
- Ein tydeleg og føreseieleg leiarstil som skaper tryggleik.
- Evne til å prioritere og handle klokt når uventa hendingar oppstår.
- Refleksjonsevne, etisk medvit og relasjonskompetanse.
- Genuin motivasjon for barnevernet generelt og målgruppa spesielt.
- Personleg eignaheit vert vektlagd.
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i stillingskode 1407 avdelingsleiar, p.t. frå kr 700 000 - 860 000 pr. år.
- Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring. For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskudd.
- God støtte fra regionale stabseiningar.
- Fleksitid.
- 1 time trening i arbeidstida pr veke.
- Gratis parkering av bil ved avdelinga.
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Eikelund ungdomssenter.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggja ved relevante vitnemål og attestar. Dette hjeler oss å få eit godt biltete av bakgrunnen din og kvalifikasjonar.
Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no
FerdigheterAI-generert
- Økonomistyring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomistyring og budsjettering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 464486045
- Sist endret


