Bildegalleri
Treng du pass til hunden eller katten din?
Til salgs
300 kr
Beskrivelse av varen
Treng du pass til hunden eller katten?ædin?
Er du på utkikk etter ein trygg og erfaren dyrepassar? Eg tilbyr pass av både hund og katt, enten det er over lengre tid eller for kortare oppdrag. Eg er heimeverande, og har mykje tid til å ta meg av din firbeinte venn.
Eg har livslang erfaring med både hund og katt, og hos meg er kjæledyret ditt i trygge hender med fokus på både omsorg, aktivitet og kos.
Dette tilbyr eg:
For hund:
Feriepass: Eg kan ha hunden din buande hos meg i ferier. Ta kontakt i god tid for avtale.
Døgnpass: Pass over ein natt, fleire netter eller ei helg ved behov.
Dagspass: Eg kan passe hunden din nokre timar på dagtid ved behov.
Lufteturar i skog og mark: Eg tek gjerne hunden med på tur. Varierte turar i nærområdet, etter behov.
Merk: Lufteturar gjeld berre i områda Hareid og Ulstein.
For katt (og evt. andre kjæledyr i heimen):
Tilsyn i heimen: Eg kjem heim til dykk når de er på ferie for å sørge for mating, reinhald av dokasse og sjølvsagt masse kos og merksemd i kattens vande miljø. Gjeld Hareid/Ulstein.
Viktig informasjon:
Sidan eg har eigen hund i heimen, er det eit krav at hundar som skal bu hos oss er fullvaksinerte. Dette er for å ivareta helsa til alle dyra. Det er også ein føresetnad at hunden går overens med tispa og katten min. Dei går godt overens med andre hundar.
Prisen kan variere om det er spesielle omsyn.
Prisar:
Døgnpris hund: 300 kr
Dagspass: Etter avtale
Luftetur hund pr. time: 150 kr
Døgnpris katt(2 besøk): 150 kr
Er du interessert i ein prat om pass av ditt kjæledyr?
Ta gjerne kontakt for ein hyggelig dyreprat og avtale!
Helsing Ragnhild
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 15.5.2026 kl. 03:35 ・ FINN-kode: 463669409
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt