Driftsleder
BLINK HUS SØRE SUNNMØRE | Ein del av Vågegruppa
- Frist 1.6.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og vidareutvikle eit spennande fagmiljø på Søre Sunnmøre?
Hadarhus AS / Blink Hus Søre Sunnmøre står framfor ei ny og spennande utviklingsfase – og vi søkjer no ein driftsleiar som vil vere med å forme vegen vidare.
Dette er ei nøkkelrolle for deg som ønskjer å kombinere operativ prosjektgjennomføring med moglegheita til å påverke korleis vi jobbar og utviklar oss framover.
Som driftsleiar får du det overordna ansvaret for verksemda sine prosjekt og ei sentral rolle i den daglege drifta.
Du vil jobbe tett med både kundar, leverandørar og fagmiljø – og vere med å sikre kvalitet i alle ledd.
Prosjekta har eit vidt spenn frå felt- og områdeutvikling, til kundeprosjekt innan både nybygg og ROT-marknaden.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar.
Dine hovudoppgåver
Kalkulere nye byggjeprosjekt
Sals- og strategiarbeid i samarbeid med sals- og marknadssjef
Planlegge, leie og følgje opp byggeprosjekt frå A til Å i samarbeid med byggeleiar
Sikre framdrift, kvalitet og økonomi i prosjekta
Kontakt med underleverandørar og samarbeidspartnarar
Ha tett dialog med kundar gjennom heile byggeprosessen
Bidra til struktur, forbetring og vidare utvikling av drifta
Personalarbeid i samarbeid med HR-leiar
Kven ser vi etter?
Du har erfaring frå bygg- og anleggsbransjen, og trivast i skjæringspunktet mellom praktisk gjennomføring og struktur.
Vi trur du:
Har relevant erfaring, gjerne kombinert med teknisk utdanning
Er strukturert og har god gjennomføringsevne
Er trygg i dialog med både kundar og fagfolk
Likar ansvar og motiverast av å skape resultat
Har eit auge for kvalitet og gode løysingar
Kvifor velje oss?
Ei sentral rolle i ei verksemd i utvikling
Reell moglegheit til å påverke og utvikle selskapet vidare
Varierte prosjekt i ein aktiv og spennande region
Korte beslutningsvegar og godt samarbeid på tvers
Konkurransedyktige vilkår
Eit svært godt arbeidsmiljø på tvers av alle selskapa i Vågegruppa
Betalt videreutdanning ved behov
Ferdigheter
- Budsjettering
- Kalkulasjon
- Kvalitetssikring
- Prosjektledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Hadarhus AS er ein etablert aktør innan bustadbygging på Søre Sunnmøre, og står bak Blink Hus Søre Sunnmøre og Drømmekjøkkenet Hareid.
Selskapet er no ein del av Vågegruppa – eit industriretta investerings- og utviklingsmiljø med sterke røter i regionen.
Dette gir oss nye moglegheiter til å styrke organisasjonen og utvikle verksemda vidare.
- Sektor: Privat
- Sted: 6060 Hareid
- Bransje: Butikk og varehandel, Bygg og anlegg, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Bygg/Anleggsleder, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
driftsleiar, bygg, anlegg, prosjektleiing
Annonseinformasjon
- FINN-kode 463356133
- Sist endret

