Bildegalleri
Søker fôrvert til finsk lapphund kvalp
Til salgs
1 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 8 uker
Kennel Alnopa søker fôrvert til kvalp fødd 11. mai. Det gjeld i utgangspunktet ei tispe, men dette kan eventuelt endre seg. Kvalpen vil vere leveringsklar ved 8 vekers alder.
Vi søker ein ansvarleg og engasjert fôrvert i Sunnfjord-området. Dersom hunden utviklar seg som ønskt og eignar seg til det, er planen at ho skal nyttast i avl.
Hunden skal stillast ut, så det er viktig at fôrvert er innstilt på å trene hunden til utstilling og handtering og omgang med andre hundar. Fôrvert treng ikkje stille ut hunden sjølv, men må vere motivert for å legge til rette for dette gjennom trening og samarbeid med kennel.
Å vere fôrvert inneber eit samarbeid mellom kennel og fôrvert, og vi ønskjer derfor nokon som er interessert i rasen og motivert for eit godt samarbeid over tid. Ta gjerne kontakt for meir informasjon om kva det vil seie å vere fôrvert.
Kvalpane veks opp i Naustdal hos eigaren til tispa, i trygge og gode omgjevnader. Begge foreldredyra er friske, trivelege og gode representantar for rasen.
Mor: Alnopa Pöytävuori
Far: Isopilvi av Ailupii
Fleire bilete kjem!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 12.5.2026 kl. 13:04 ・ FINN-kode: 463352720
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt