Bildegalleri
Kettler Trophy ergometer trimsykkel med computer
Til salgs
800 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Trimsykkelen min ber instendig om å få seg ein ny treningskamerat, sidan mine kne ikkje lenger gir meg lov til å sykla. Eg har hatt stor glede av denne sykkelen og har brukt han mykje til både intervalltrening/kondisjonstrening og mengdetrening.
Sykkelen er pent brukt, er i god stand og fungerer heilt som han skal.
Kettler Trophy ergometer trimsykkel har justerbart sete, pedaler med fotstroppar og sykkelstyret kan enkelt vippast opp og ned for tilpassing. Motstand justerer ein enkelt med store skruknottar.
Magnet bremse-system med motstandsjustering i trinn frå 0-10.
Sykkelen har treningscomputer med display som viser tid, fart, distanse, kaloriar og puls.
Max belastning/ brukarvekt 110 kg
Vekt sykkel - ca 30 kg
Mål - L 97 cm / B 52 cm / H 121 cm
Treningssykkelen må hentast hos seljar og betaling via Vipps ved henting.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 10.5.2026 kl. 16:52 ・ FINN-kode: 463077788
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt