Bildegalleri
Retrovelo Anna, tysk kvalitetssykkel
Til salgs
8 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Sykkeltype: Bysykkel/sammenleggbare sykler
Kjønn: Unisex
Svært elegant og pen sykkel, som òg er veldig behageleg å sykle på. Perfekt til kvardagssykling og bysykling.
Sykkelen har eit komfortabelt styre som gjer at du kan sitte oppreist og stødig, og kjem med eit premium Brooks B17-sete med nydleg patina.
Montert no er Schwalbe 26'' Fat Frank-dekk. Det følger òg med vinterdekk dersom du vil sykle heile året. Eg har ikkje sykla på han vinterstid, så det er lite rust og sykkelen er i god stand med tanke på alderen.
Sykkelen vart kjøpt ny i 2018 hos Sykkelsentralen til kr 30 000,-. Eg er andre eigar og kjøpte han i 2022.
I mi tid har sykkelen vore registrert i NAF sitt sykkelregister, og han har derfor eit emblem som viser dette, eit tydeleg signal til potensielle tjuvar. Det følger òg med ein solid FG-godkjend bøylelås, noko som er viktig for forsikring. Låsen vann best i test hos NAF i 2021.
Teknisk er sykkelen godt utstyrt med Shimano Nexus 8-trinns innvendig nav, lettstelt og driftssikkert, sterke mekaniske skivebremser og CroMo stålramme.
Sykkelen har solide stålskjermar som beskyttar godt mot sprut, kjedebeskyttar, ringeklokke og bagasjebrett framme. Front- og baklykt er kopla til dynamo i hjulet, så du er alltid sikra lys når det blir mørkt og slepp å tenke på lading. Bagasjebrettet er ettermontert og enkelt å ta av om ønskeleg.
Ta gjerne kontakt om du er interessert, vil vite meir eller har lyst på ei prøvekøyring! 🚲
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.5.2026 kl. 17:24 ・ FINN-kode: 462998099
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt