Bildegalleri
Thule Urban Glide dobbel joggevogn
Til salgs
2 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Merke: Thule
Gild Thule joggevogn med plass til to barn selgest. Mykje brukt til og frå barnehagen (oppbevart i garasje heime og under tak når den har vore parkert i ved barnehagen.
Vogna har låg rullemotstand, handbrems og fotbrems, solskjerm, fem-punkts-seler og låsbart framhjul.
Merk at dette er fyrste generasjons Thule dobbel joggevogn - det ser ein lett ut frå bremsespaken, som er ein klassisk bremsespak kjent frå syklar, i motsetning til dei du dreier rundt på nyare Urban Glide-vogner. Ikkje at det er ei dårleg løysing, berre å vera obs på.
Før vogna var i mitt eige var den brukt som ekstravogn hjå nokre besteforeldre, så relativt lite brukt trass alderen.
Det følg med eit gjennomsiktig regntrekk til vogna, men det har litt manglar, spesielt i festa: borrelåsen er sleten. Kan kanskje fiksast; eg festa saman trekket med gaffateip dei gongane det trengtest. Det er heller ikkje urimeleg å tru at trekka til dei nyare vognane kan passe, men det går eg ikkje god for.
På høgre hjul manglar eit blått plastdeksel til "knappen" du trykker inn for å ta av hjulet. Fungerer smertefritt utan.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 2.5.2026 kl. 22:01 ・ FINN-kode: 462155911
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt