Teknisk applikasjonsforvalter
Helse Vest IKT
- Frist 12.5.2026
- Ansettelsesform Fast
Teknisk applikasjonsforvalter
Helse Vest IKT forvaltar om lag 1500 system. Mange av desse har stor samfunnsmessig betydning for pasientbehandlinga, og skal gjere kvardagen enklare for medarbeidarar og leiarar i Helse Vest. Vi søker no etter ein ny og engasjert medarbeidar som skal bidra til drift, forvaltning og utvikling av den administrative regionale porteføljen til Helse Vest, med spesielt ansvar for den tekniske delen av denne. Du vil bli ein del av eit team som jobber spesifikt inn mot ein eller fleire applikasjoner og du vil også samarbeide tett med andre tekniske forvaltere i samme enhet.
Enheten for Medarbeider og kvalitet består av rundt 30 medarbeidarar med ansvar for drift, forvaltning og utvikling av Helse Vest sine regionale løysingar/applikasjoner innanfor lønn, fravær, HMS, arkiv, arbeidsplanlegging og kvalitetshåndbøker. Saman med teamet ditt vil du ha ansvar for stabil og sikker drift av applikasjonar, og bidra til kontinuerleg forbetring og vidareutvikling av tenestene.
Teama jobbar etter smidig metodikk og er organiserte i tråd med Team Topologies, med ein tydeleg Team First‑tankegang. Det er ein fordel om du har kjennskap til desse arbeidsformene. Vidare ser vi det som ein fordel om du har interesse for og innsikt i KI, samt erfaring med skyløysingar eller overgang til skyløysingar.
Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde, og tilbyr trivelege kontorfelleskap med godt arbeidsmiljø. Arbeidskvardagen er i stor grad digital, men vi prioriterer òg fysiske samlingar i teamet og eininga for å styrkje samarbeid og fellesskap.
Arbeidsoppgåver
Som teknisk applikasjonsforvalter vil du inngå i eit tverrfagleg team med ansvar for teknisk drift, forvaltning og vidareutvikling av éin eller fleire applikasjonar i Helse Vest si administrative systemportefølje. Teamet har det samla ansvaret, men du vil særleg bidra innan den tekniske delen av forvaltninga.
Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere å:
- Sikre stabil, sikker og effektiv teknisk drift av applikasjonar
- Planleggje og gjennomføre installasjonar, oppgraderingar og endringar i samarbeid med teamet
- Utføre vedlikehald og overvaking av applikasjons- og plattformmiljø
- Delta i testing og kvalitetssikring ved nye funksjonar og leveransar
- Bidra til feilsøking og problemløysing, inkludert 3. linje teknisk support
- Arbeide med dokumentasjon av løysingar, rutinar og tekniske avhengigheiter
- Delta aktivt i sikkerheitsarbeid, inkludert risikovurderingar og tiltak
- Bidra til kontinuerleg forbetring av tenester, løysingar og arbeidsprosessar
- Gje teknisk rådgjeving til team, interne samarbeids partar og andre einingar
- Delta i utviklings- og forbetringsinitiativ, i tråd med smidig metodikk og Team Topologies
Kvalifikasjonar
- IT- eller teknisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå.
- Relevant erfaring med applikasjonsforvaltning.
- God erfaring med Windows-serverar.
- Erfaring med Powershell, Linuxservere, Kubernetes
- Kjennskap til ITIL
- Kjennskap til databasar.
- Kjennskap til brannmur.
- Kjennskap til god bruk av KI
- Kjennskap til arbeid med konvertering fra on-prem til skyløsninger
- God kommunikasjonsevne på norsk (bokmål eller nynorsk) og engelsk.
Manglar du kjennskap eller erfaring på nokre av punkta? Vi oppfordrar deg likevel til å søke. Vi kan gi både intern og ekstern opplæring så lenge du er motivert for å lære. Fagbrev med fordjuping i IT-drift kan òg bli vurdert dersom du manglar høgskule- eller universitetsutdanning.
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Du er god på å gjere prioriteringar i ein hektisk kvardag
- Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du må kunne arbeide godt i team
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har evne til å sjå det du jobbar med opp mot ein større heilhet
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har interesse for feilsøking og problemløysing
- Du er løsningsorientert, er proaktiv og har interesse for vidareutvikling
Vi tilbyr
- Moglegheit til å medverke i utforminga av IKT-løysingar for framtidas helsevesen
- Deltakelse i og ansvar for spanande oppgåver både lokalt og regionalt
- Deltakelse i eit kontorfellesskap og i team med mange kjekke kollegaer med brei kompetanse
- Moglegheit til fagleg og personleg utvikling i eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet.
- Moglegheit for fleksible arbeidstidsordningar, herunder fleksitid og heimekontorordning
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Applikasjonsforvaltning
- Database
- IT Infrastructure Library (ITIL)
- K8s
- Linux Server
- Microsoft Windows Server
- PowerShell
- Skrive teknisk dokumentasjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Applikasjonsforvalter, Forvalter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461638973
- Sist endret


