Kulturskulelærar Piano m/ utøving, deltid 60-75% fast stilling
Time kommune
- Frist 11.05.2026
- Ansettelsesform Fast
Kulturskulelærar Piano m/ utøving, deltid 60-75% fast stilling
Vår pianolærarar gjennom mange år går av med pensjon og vi søkjer etter ny kulturskuleærar i piano med utøvande del, 60-75 % fast deltidsstilling. Endeleg stillingsprosent avklarast ut frå kompetanse til ulike oppgåver i stillinga. Det er mogleg å evt. søkje på delar av stillinga.
Arbeidsinnhald er pianoundervisning for elevar i ulik alder, frå nybegynnar til fordjupingsnivå. Det er ønskjeleg med variert utøvande kompetanse for akkompagnement og konsertering samt god erfaring med formidling og leiing av arr./konsertar.
Me søkjer deg som ivrar for kunstfagleg opplæring og som vil vera del av lærarkollegiet i ein attraktiv, framtidsretta og aktiv kulturskule.
Time kulturskule har 20 tilsette og om lag 720 aktive elevplassar. Skulen tilbyr allsidig undervisning innan dei fem fagområda musikk, dans, drama, kunstfag og skapande skriving. Nokre av lærarane har del-stilling for kunstnarisk utøving med formidlingstilbod til institusjonar og prosjektbasert undervisning i barnehage og grunnskule. Pianoseksjonen består i dag av eit samarbeidande team på 5 lærarar. Vi har regionalt nettverk og samarbeid med kulturskular i nabokommunane.
Kulturskulen sin base ligg sentralt og nært Bryne sentrum/Bryne togstasjon. Me har samlokalisering med Bryne skule om undervisningsrom og aula, hovudvekta av den faste undervisninga skjer her. Pianoundervisninga har noko desentralisert undervisning på krinsskulane. Pianoseksjonen består i dag av eit samarbeidande team på 5 lærarar. Me har nært samarbeid med lokalt kulturliv, helseinstitusjonar, grunnskule og barnehage. Det er ei viktig målsetting å vera synlege i lokalsamfunnet og elevane skal læra, utøva og oppleva gjennom dei estetiske faga. Kulturskulen forvalter eit viktig samfunnsoppdrag og tilbyr opplæring av høg kvalitet.
Time kulturskule arbeider etter "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og har i tillegg lokale fagplanar. Undervisningsplattformen har fokus på "eleven som glødande punkt" og Vurdering for læring. Vår felles verdiplattform består av fem definerte område "kunstnarisk kompetanse og kreativitet, engasjement, samarbeid, ansvar, trivsel og respekt".
Kulturskulen i Time har tidlegare hatt nasjonal status som Demonstrasjonskulturskule. I dag er skulen eit etablert ressurssenter og ein samhandlande organisasjon for kunst- og kultur i lokalsamfunnet. Vi arbeider etter visjonar for "Framtidas kulturskule i framtidas kommune".
Arbeidsoppgåver
Vår nye pianolærar/pianist skal vera del av Time kulturskule sitt faste lærarkollegie som inneber både fagleg og kollegialt fellesskap. Me ønskjer at du:
- Beherskar både klassisk tradisjon og populærmusikalsk/rytmisk genre i undervisningssamanheng og utøving
- Har kompetanse til å undervise elevar i ulik alder og på ulikt nivå, frå yngre nybegynnarar til vidarekomne ungdommar innan fordjuping
- Kan undervise både enkeltvis, i samspel/smågrupper og meistrer ulike akkompagnementsoppgåver
- Er fleksibel til å kunne delta med supplerande undervisningsopplegg for prosjektarbeid
- Deltek aktivt i kollegasamarbeid i kulturskulen sin pianoseksjon
- Deltek aktivt i kulturskulen si personalgruppe fgagleg og kollegialt
- Underviser i samsvar med "Rammeplan for kulturskulen - Kulturskule for alle" og lokal fagplan, utarbeider årsplan for eigne elevar
- Arbeider for kvalitet, mangfald, inkludering og samhandling
- Arbeider etter felles nedfelt visjon, målsetting og verdiplakat
Kvalifikasjonar
Time kulturskule har eit høgt utdanna og dedikert personale. Det er ønskjeleg at vår nye pianolærar/pianist har følgjande kvalifikasjonar:
- Høgskule/universitetsutdanning med musikk som fagområde, piano som hovudinstrument, bachelor- eller masternivå m/integrert- eller tilleggsutdanning innan pedagogikk/metodikk/PPU
- God kompetanse som utøvande pianist og akompagnatør, meistrar ulike genre og har erfaring med musikkformidling til ulike publikumsgrupper
- Har erfaring frå undervisning i kulturskule, eller anna relevant undervisningspraksis
- Beherskar undervisning på ulike nivå, frå nybegynnar til vidarekomne elevar, ev har erfaring med samspelundervisning
- Evner å by på deg sjølv og samarbeide i eit tverrfagleg kollegafellesskap
- God munnleg og skriftleg norsk-kompetanse, minimum B1-nivå
- Ev. utdanning frå utlandet må vera HKdir-godkjend (ev. tidlegare godkjenning frå NOKUT)
Du må laste opp relevante vitnemål og arbeidsattestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Time kulturskule søkjer deg:
- Som har gode kunstnariske og pedagogiske ferdigheiter
- Som kan legga til rette for god læring og meistring
- Som trivst i lag med barn og ungdom
- Som med fagleg dyktigheit har evne til å sjå den enkelte elev individuelt og i gruppesamanheng
- Som kan arbeide med interpretasjon og akompagnere kulturskuleelvar på konsertar/opptredenar innan ulike musikkgenre/musikktradisjon
- Som er samhandlande og samtidig tek ansvar for sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Som har gode samarbeidsevner og kan bidra positivt i eit kollegialt jobbfellesskap
- Som er nysgjerring og interessert, evner å ta initiativ, engasjere deg, koma med innspel og å bidra til nyskaping
- Det krevst god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsettingsprosessen
- Lovkrav om gyldig politiattest etter opplæringslova § 17-11 jf politiregissterlova §39 fyrste ledd, denne må framleggast før tiltreding
Me tilbyr
- eit allsidig, triveleg og levande arbeidsmiljø
- kollegafellesskap med høgt kvalifiserde lærarar innan ulike kunstnariske fag
- kollegaer som er opptekne av å finna gode løysingar og å gjera kvarandre gode
- aktivitet med prosjekt, opptredenar og utadretta verksemd for både elevar og lærarar
- variert og allsidig arbeidsinnhald
- lønn etter gjeldande tariff for kulturskulelærarar
- gode pensjonsordningar
FerdigheterAI-generert
- Musikkdidaktikk
- Norsk
- Piano
- Praktisk-pedagogisk utdanning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ola Barkveds veg 16, 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Kunst og kultur, Musikk
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Undervisning og pedagogikk, Utøvende kunst
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Pianolærar, Musikklærar, kulturskulelærar, piano, kultur
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461492918
- Sist endret


