Ferievikar i Eigedom drift
Bjørnafjorden kommune Eigedom drift
- Frist 10.05.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ferievikar i Eigedom drift
Ønskjer du bruka noko av sommaren på å skaffa deg spennande praksis? Då kan ferievikariat i Bjørnafjorden kommune vera noko for deg.
Eining for Eigedom drift treng ferievikarar i perioden juni - august. Moglegheit for 100% stilling i perioden.
Arbeidsstad
Eigedom Drift, Os og Fusa
Dersom du har ønskjer er det viktig at du set dei opp i søknaden. Tilsetjing blir gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehald av kommunen sine grøntanlegg
- Utandørs vedlikehaldsarbeid knytt til kommunale bygg
Vi ser etter deg som:
- er over 18 år
- er engasjert, allsidig, praktisk og "nevenyttig"
- kan jobbe sjølvstendig
- har førarkort klasse B
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande avtale
Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Grøntområde
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Industrivegen 96, 5210 Os
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Eiendom
- Stillingsfunksjon: Annet, Driftsoperatør/vaktmester, Hjelpearbeider
Nøkkelord
ferievikar, sommerjobb, eigedom, drift, grønt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 461137416
- Sist endret


