Tidsavgrensa stilling som prosjektleiar
Kultur- og likestillingsdepartementet
- Frist 12.5.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Vil du bidra i prosjektet for å ordne dei historiske arkiva til Kultur- og likestillingsdepartementet?
Har du kunnskap om eller bakgrunn i arkivfag eller historie? Har du lyst til å jobbe med ordning av arkiv med stor historisk verdi? Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein prosjektleiar til prosjektarbeid i to år. Stillinga passar for deg som liker systematisk arbeid, og som har interesse for og innsikt i statsforvaltninga og kjennskap til arkivfaglege prinsipp.
KUD skal ordne papirarkiva sine og lyser derfor ut ei stilling som prosjektleiar. Prosjektgruppa skal ha ein prosjektleiar, ein til to prosjektmedarbeidarar og ein til to studentar. Arbeidsstaden vil hovudsakleg vere Nasjonalarkivet på Sognsvann. Oppstart etter avtale.
Målet for prosjektet er at papirarkiva til KUD skal leverast til Nasjonalarkivet. Arkiva skal ordnast og listeførast i tråd med gjeldande lovkrav og retningslinjer for offentlege arkiv.
Arbeidsoppgåver
organisere og leie prosjektet
sørgje for at arkiva kan leverast til Nasjonalarkivet
sakshandsaming innanfor ansvarsområdet til stillinga
delta i samarbeidsmøte med, og rapportere til, departementet
utarbeide bevarings- og kassasjonsvurderingar i samarbeid med departementet
Prosjektet skal òg hjelpe med å finne fram arkivmateriale for departementet i ordningsperioden.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule (minimum bachelornivå), til dømes i arkiv- og dokumentasjonsforvaltning, samfunnsvitskap eller historie. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
relevant erfaring med ordning av papirarkiv i offentleg sektor, helst departementsarkiv
erfaring med prosjektleiing
erfaring med personalleiing
kunnskap om relevant lovverk.
gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
god rolleforståing
Vi søkjer deg som:
er løysingsorientert med høg gjennomføringsevne
har evne til å arbeide sjølvstendig og gode samarbeidsevner
er strukturert og har evne til å planleggje og gjennomføre større komplekse prosessar
er initiativrik og er ein positivt bidragsytar til arbeidsmiljøet
har stor arbeidskapasitet
Vi bruker bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.
Den som blir tilsett i stillinga, må kunne autoriserast for tilgang til informasjon som er gradert som BEGRENSET etter sikkerhetsloven.
Vi tilbyr
ein spennande jobb med eit svært interessant arkiv som dokumenterer verksemda til KUD
moglegheit for sjølvstendig arbeid.
fleksibel arbeidstid
høve til å trene i arbeidstida, og tilgang til treningsrom
medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikring
eit godt arbeidsmiljø og arbeidsplass på Sognsvann.
eiga bedriftshelseteneste
Lønn:
1113 Prosjektleiar:
Årslønn frå kr 660 000 til kr 870 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.
Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten?size=n_20_n).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Offentleg søkarliste og kontakt
Dei som søker, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde sjølv om søkarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkarlista før ho blir offentleggjord.
Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med Ida Tobro, Kontorsjef, på telefon 920 48 820 eller på e-post: ida.tobro@kud.dep.no.
Om avdelinga og seksjonen
Administrasjonsavdelinga utviklar system for styring og fastset overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing og drift av departementet. Avdelinga tek seg av administrative saker og ser til at departementet blir styrt i samsvar med gjeldande lover og reglar.
Forvaltningsseksjonen har ansvaret for drift og utvikling av arkiv og dokumentforvaltning i departementet, oppfølging og utvikling av IKT og andre fellestenester og generelle driftsoppgåver. Seksjonen har òg ansvar for førebyggjande tryggleik og beredskap.
FerdigheterAI-generert
- Administrere arkiv
- Arkivkunnskap
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Norsk
- Offentlig forvaltning
- Ordning og registrering av papirbasert arkivmateriale
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.Meir informasjon om departementet finn du på www.regjeringa.no, og her kan du lese meir om å jobbe i KUD.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sognsveien 221, 0862 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Dokumentasjon, Kvalitetssikring
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjektleiing, arkivfag, historie, offentleg sektor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 460632580
- Sist endret

