Bildegalleri
Hjortejakt, bukkejakt/brølejakt med Joar Søhoel i Ofredalen i Sogn
Til salgs
40 000 kr
Beskrivelse av varen
Bukkejakt/brølejakt med Joar Søhoel i Ofredalen i Sogn og Fjordane. Eg leiger ut ei vekes jakt for å skyte vaksen bukk. Me leiger inn Joar Søhoel som guide dei 3 fyrste dagane under jakta.
Eg tilbyr ei vekes jakt der ein får rett til å skyte ein bukk (over 2,5 år), samt eit fritt dyr (ungdyr, kolle eller kalv). Opphald på stølen min, Fagerbu, er inkludert i dette, samt alt kjøt frå dyra ein skyter.
Info om stølane og jakt:
Fagerbu ligg på 800 meter. Det tek ca 40 min å gå frå Fornabu gard til Fagerbu. Alternativt kan eg frakte proviant eller personell opp med ATV. Dette tek ca 20 minutt. Fagerbu har 2 sengeplassar, men det er plass til 3 om ein ligg trangt (sjå bilete). Det er eventuelt også plass til fleire om de vil liggje på golvet eller utanfor hytta.
Hytte har skot (der ein lagrar saker, lager mat, vaskar opp osb), samt ei rom med bord, stol og senger. Fagerbu er eit gamalt sél brukt til støling for inntil 80 år sidan. Det var til tider stor osteproduksjon. Ein må bære vatn til Fagerbu frå ei kjelde ca 50 meter vekke, eller frå ein bekk som ligg ca 100 meter vekke. Det er enkel utedo. Frå Fagerbu kan ein gå ca 45 min for å kome seg til Turtagrøvatna. Dette er ei samling vatn med varierande storleik på fisken. Frå liten til medium. Ellers er det fin natur for turar. Ein kan sjå Store Skagastølstind og Sognefjorden. Fjord til fjell.
Hjortejakt: Ein kan køyre til tunet og byrje jakta derfrå. Ein kan gå i alle retningar og forvente å sjå dyr. Det er fleire områder med hjortettrakk der dyra krysser dalen. Det er høve for innmarksjakt med jaktbu i fjøsen. Det er høve for slakting og partering i garasjen som ligg på tunet.
Garden Fornabu gard ligg på 500 meter, i Årdal kommune. Gards- og bruksnummer 33/1.
Prisen inkluderar alt kjøt ein vil ha frå skote dyr.
Ein kan parkere nær garden min, og eg kan transportera folk og utstyr til stølsdøra med ATV.
Frakt m traktor eller traktor: 1000 kroner per tur (frakte folk eller mat til Fagerbu. Hente dyr som er skote, etc.).
Det er ikkje moblidekning på stølane for dei som har abonnement som baserar seg på Telenor.
Ta kontakt på 48283942
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 28.4.2026 kl. 22:51 ・ FINN-kode: 460198185
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt


