Bildegalleri
WorkCycles Kr8
Til salgs
25 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Sykkeltype: Annet
Kjønn: Unisex
Me kjøpte denne sykkelen i 2015 og hadde mykje glede av den i åra då me leverte og henta ungar i barnehage og på AKS. Det er plass til to ungar, sekkar, gymtøy OG posar med mat!
Frå 2020 har sykkelen stort sett stått i boden og berre blitt tatt fram nokre gonger i året ved ekstra store handleturar. Så sjølv om me er veldig glade i den, har me kome fram til at det er på tide å selge.
Sykkelen er godt brukt, men òg godt vedlikeholdt. Alt fungerer (bortsett frå at eine kalesja har morken gummistrikk), og eg ser ikkje noko rust eller andre problem.
Kassa har sittebenk med plass til to barn. Det er sikkerhetsselar montert ved benken.
Det følgjer med to store, gode sykkelvesker og to kalesjer. Den svarte kalesja på bilete er ekstra høg, sidan me har ein veldig land gutt. Det følgjer også med ei blå kalesje i standardstørrelsen, og lite brukte piggdekk. Og sjølvsagt ladar og nøklar til å låse fast batteriet. Levetida på batteriet er sannsynlegvis blitt dårlegare med åra, men det er framleis meir enn bra nok.
Sykkelen kan prøvast på Haugerud i Bydel Alna.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 2.4.2026 kl. 17:51 ・ FINN-kode: 458301419
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt

