Bildegalleri
Tern GSD P10 longtail - kan leverast i Bergen i mai
Til salgs
45 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Me sel ein veldig praktisk Tern longtail, 2021-modell. Den har fungert som vår bil nr. 2 og spart oss for unødvendige parkeringsutgifter.
Den har god plass til to ungar, og dreg godt oppover. Ved fleire høve har far i huset trødd oppover Fløysvingane med gutta krutt bakpå.
Mor i huset har satt stor pris på sideveskene som utan problem fyller tre store handleposar kvar (dei er det dessverre ikkje bilete av då dei ligg nedpakka).
No er tida komen for ungane å sykle det meste av vegen sjølv. Me håpar at nokon andre vil få like stor glede av sykkelen som oss.
Det fylgjer med to solide forbrett som me aldri har brukt fordi me ofte har hatt sykkelen med bakpå bilen. Då var bretta i vegen og me monterte dei aldri på. I tillegg fylgjer det med to vinterdekk, køyrd ein sesong. Sykkelen har nokre bruksmerker her og der, men fungerer godt. Me har hatt den på service to-tre gongar i året, både hjå Evo og andre sykkelverkstader i Bergen.
Neste service er 15. april for å gjere den klar til våren. Akkurat no hakkar giret litt og det må sjekkast. I haust skifta sykkelverkstaden på InterSport i Sogndal kjedet og noko anna (det kan eg finne ut!)
Ynskjer du sykkelen før 15. april må du ordne vårservicen sjølv.
Me bur på Hafslo, 15 min frå Sogndal. Me kan levere den i Bergen på onsdag (1. april), då har me ærend dit.
Sykkelen har levd det meste av livet i Bergen, men me tok den med på flyttelasset i juni 2025. Den har alltid stått inne, uansett årstid.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 8.4.2026 kl. 20:40 ・ FINN-kode: 457700488
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt