Driftsoperatør i 100 % fast stilling
Gol Kommune
- Frist 12.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med moderne byggdrift og bidra til at kommunale bygg fungerer trygt, effektivt og berekraftig?
Gol kommune søkjer ein driftsoperatør som vil vere med og utvikle eigedomsdrifta vår vidare.
Om verksemda:
Verksemd eigedom i Gol kommune har ansvar for planlegging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg. Verksemda inneheld:
• Avdeling for drift og vedlikehald
• Avdeling for reinhald
• Prosjektavdeling
Totalt har verksemda om lag 40 tilsette. Du vil verte ein del av eit triveleg fagmiljø med høg kompetanse og eit sterkt engasjement for kvalitet og samfunnsansvar.
Om stillinga:
• Variert arbeid med drift, tilsyn og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg
• Feilsøking, enkle utbetringar og optimalisering av tekniske løysingar
• Oppfølging av automatikk- og SD-anlegg, samt tilsyn med tekniske installasjonar
• Energioppfølging og dokumentasjon i FDV-system
• Kontakt med leverandørar og deltaking i mindre prosjekt
Arbeidstid:
Stillinga inngår i todelt skiftordning med dagvakt annakvar veke og kveldsvakt annakvar veke.
Kvalifikasjonar:
• Fagbrev er ønskjeleg, særleg innan automasjon eller elektro. Andre relevante fagbrev vil òg bli vurderte
• Erfaring frå drift av tekniske anlegg, til dømes ventilasjon, varme og styring/regulering, er ein fordel
• Gode digitale ferdigheiter, gjerne erfaring med FDV- og SD-system
• Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
• Førarkort klasse B. Det er ein fordel med BE
Personlege eigenskapar:
• Du arbeider sjølvstendig, strukturert og serviceinnstilt
• Du tek ansvar, er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
• Du har gode samarbeidsevner og interesse for forbetringsarbeid
• Personleg skikkaheit vil bli lagt stor vekt på
Vi tilbyr:
• Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø
• Høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
• Løn og arbeidsvilkår etter tariff
• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Anna:
Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 3550 Gol
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457550250
- Sist endret

