Sommarjobb innan reinhald på Haakonsvern
Forsvarsbygg
- Frist 16.04.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb innen reinhald på Haakonsvern
Forsvarsbygg på Haakonsvern søkjer 2-3 sommarvikarar innan reinhald i skuleferien.
Ver vennleg å oppgi i søknaden kva periode du er interessert i å jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 4 veker innanfor vekene 26-33. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Utføre regelmessig dagleg reinhald og periodisk reinhald, samt nedvask
- Andre rengjeringsrelaterte oppgåver innanfor eigen fagområde
Kven ser vi etter?
Du har ein ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Vi skal levere gode renholdstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du òg har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.Kvalifikasjonar
- Du må vere fylt 16 år, eller fylle 16 år i 2026
- Du må ha god orden og åtferd
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
- Du må kunne autoriserast før oppstart
- Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald
Me tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar/ reinhaldsbetjent (kode 1138/1129), kr. 293 500 - kr. 417 600 i brutto årleg lønn.FerdigheterAI-generert
- Hovedrenhold
- Norsk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: 5173 Loddefjord
- Bransje: Bygg og anlegg, Forsvar og militær, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sommervikar, sommerjobb, ferievikar, renhold, rengjøring
Annonseinformasjon
- FINN-kode 457304207
- Sist endret





