Bildegalleri
Kasjmirgeiter
Til salgs
2 000 kr
Beskrivelse av varen
Geiter til sals – opplært på NoFence / klare til bruk.
Vi sel geiter frå flokken vår på Gaupar gard i Bøverdalen. Dyra er vane med utegang i variert terreng og er svært gode ryddegeiter (einer, kratt og lauv).
Viktig:
Alle dyra er opplært på NoFence og fungerer godt i slikt opplegg.
Om Kasjmirgeit:
Kasjmirgeita er ei nøysom og hardfør geiterase. Dei har eit meir variert beitemønster enn andre ammegeit-raser og store deler av kosten består av einer, kratt og lauv. Dei kan nyttegjere så mykje som 40-50% av kosten sin basert på einer. Noko dei fleste andre beitedyr unngår. Dei haldast stort sett i Norge på grunn av sin unike egenskap som landskapspleiarar. Dei har og ei tett og fin underull som dei røyter av seg. Avlslaget anbefaler difor å kamme geitene og levere ulla- Den er godt betalt om ein orker jobben med å kamme dei.
Ellers er kjøttet i særklasse og ettertrakta av kokkar i Norge. Smaken av kasjmirgeita i vår driftsform kan slå på i «vilt-segmentet» da dei beiter såpass mykje einer og kvist. Og dei kan fint gå i økologisk drift da dei ikkje har behov for kraftfor for å utvikle seg. Hjå oss har dei fått mineralstein om vinteren og berre saltstein om sommaren.
Flokk (per no, nokre allereie solgt):
• 17 vaksne geiter
• 5 kastratar (ca. 2 år)
• 23 killingar (vår 2026) - Alle bukkekje er kastrert.
• 1 Boerbukk
(Talet vil bli oppdatert etter kvart som dyr blir selde)
Pris (fast):
• Vaksen geit: 2000 kr
• Killing: 1500 kr
• Kastrat: 2000 kr
Prisane er faste og sett lågt frå start.
Blodprøver kjem i tillegg etter gjeldande krav.
Heile eller større delar av flokken kan seljast samla til ein totalpris.
Anna:
• Sosiale dyr som fungerer godt i flokk
• Svært godt eigna til rydding av kratt og kulturlandskap
• Må ha forsvarleg opplegg (NoFence eller godt gjerde.) Dei er nysgjerrige og ekstremt gode til å finne smutthull i gjerder. Vi anbefaler elektronisk gjerde på det sterkaste.
Ta kontakt ved seriøs interesse. Selgast utan No Fence.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 25.3.2026 kl. 16:31 ・ FINN-kode: 457273938
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt