
Bildegalleri
Strøken og kraftig Huawei MateBook 13" – i7, 16GB RAM, 512GB SSD og MX250
Til salgs
7 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Sel mi nesten ubrukte Huawei MateBook 13. Maskina framstår som ny, har vore svært lite i bruk, og kjem i komplett originalemballasje med alt tilbehøyr.
Dette er ei skikkeleg kvalitetsmaskin som kombinerer høg yting med eit lekkert og stilreint ytre. Både byggekvalitet, materialval (aluminium) og design minner veldig om Apple sine MacBook-maskiner. Ho er tynn, lett og perfekt å ha med seg, utan at det går på kostnad av kreftene på innsida.
Hovudspesifikasjonar:
Prosessor: Intel Core i7-10510U. Ein svært kraftig prosessor som taklar alt frå kvardagslege oppgåver til tyngre bruk utan problem.
Minne (RAM): heile 16 GB. Dette er rikeleg med minne for dei aller fleste, noko som er eit enormt pluss spesielt no om dagen når oppgradering av RAM og komponentar er så dyrt. Her kan du ha mange program og faner opne samstundes utan at maskina blir treg.
Lagring: 512 GB rask SSD. Gjev deg lynrask oppstart av både maskin og program, i tillegg til god plass til bilete, dokument og programvare.
Skjermkort: Nvidia GeForce MX250. I motsetning til mange andre tynne berbare datamaskiner, har denne eit dedikert skjermkort. Det gjev ekstra grafikk-musklar om du skal drive med lettare speling, eller bilde- og videoredigering.
Kan hentast i Sykkylven, eller sendast i posten mot at kjøpar betaler frakt (f.eks. med Fiks Ferdig).
Ta kontakt om du har spørsmål!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 2.4.2026 kl. 20:50 ・ FINN-kode: 457244421
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt


