Bildegalleri
Omplassering – Dvergdachshunden Safira – kun til erfaren heim
Til salgs
15 000 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 11 måneder
Hei,
Dette innlegget sit langt inne å skrive.
Grunnen til at eg vurderer omplassering er knytt til situasjonen mellom hundane i heimen, og ikkje fordi eg ønskjer å bli kvitt henne. Ho betyr ekstremt mykje for meg, og dette er ei avgjerd eg ikkje tek lett på.
Dette er derfor ei seriøs utsjekking av interesse, der det aller viktigaste er å finne rett heim.
🐾 Om Safira
Født: 16.04.2025
Safira er ei lita dachstispe med stor personlegdom. Ho er svært knytt til eigaren sin og finn mykje tryggleik i mennesket sitt. Ho er ein hund med mykje kjensler – både på godt og vondt.
Ho kan vere både:
– veldig glad
– ekstremt kosete
– og samtidig redd og usikker i nye situasjonar
Dette gjer henne til ein hund som treng ein eigar som forstår henne og tek seg tid.
💛 Det positive
– veldig lærevillig og glad i godbitar og trening
– kan fleire kommandoar (sitt, vent til ein viss grad, spring, nesten ligg, noko touch/bli)
– går fint på tur åleine
– kan fungere fint med andre hundar ute
– veldig sosial og glad når ho er trygg
– ekstremt kosete og søkjer mykje nærleik
– elsker turer i skog
⚠️ Viktig og ærleg informasjon
Dette er grunnen til at eg er nøye med kva heim ho kjem til:
– Ho er redd og usikker på nye menneske og hundar, og kan bjeffe ein del
– Ho reagerer på høge lydar og brå rørsler
– Ho kan bjeffe på andre hundar ute, spesielt dersom dei kjem for nær eller for fort
– Ho har separasjonsangst og er utrygg når ho er åleine
– Ho trivst best med ein eigar som er mykje heime, eller kan ha henne med på jobb
– Ho kan bli oppkava og intens i situasjonar med høg energi
– Ho er i utgangspunktet rensleg, men har hatt uhell inne når ho har vore åleine eller i nye situasjonar, og dette må ein rekne med å jobbe vidare med
Ho har hatt noko stressrelatert napping mot meg i enkelte situasjonar, men dette har blitt mykje betre med trening og forståing.
👉 Det viktigaste:
Safira har hatt alvorleg konflikt med si søster (frå same kull), der det har oppstått slåssing med skade.
Av den grunn bør ho ikkje bu saman med søster eller i tett rivaliserande situasjonar.
Ho fungerer elles fint med andre hundar ute, men introduksjon må skje roleg og kontrollert.
🧠 Kva type hund dette er
Dette er ikkje ein “enkel” hund – men heller ikkje ein problemhund.
Ho er:
– sensitiv
– intens
– og veldig menneskeknytt
Ho treng:
– ro
– struktur
– og ein eigar som forstår hundespråk og kan jobbe med tryggleik
👶 Barn
Ho er ikkje vane med å bu saman med barn.
Helsing har gått fint, men eg er usikker på korleis kvardagsliv med barn vil fungere. Med rett tilvenning kan det gå bra i rett heim.
🏡 Heim eg ser etter
– nokon med god kjennskap til rasen eller tilsvarande erfaring
– ein roleg og stabil heim
– ikkje førstegongshund
– nokon som er mykje heime eller kan ha henne med seg
– nokon som har tid og interesse for vidare trening
– helst utan fleire tisper i same alder
– gjerna nokon som ynskjer å ta ho med i skog/mark ofta
– dersom det er hund i heimen må dette tilvennast roleg og kontrollerast godt
📄 Bakgrunn
Safira er henta i Sverige frå privat oppdrett. Ho har ikkje stamtavle.
💬 Til slutt
Safira er ein heilt spesiell hund med mykje kjærleik å gi.
For rett person kan ho bli ein fantastisk følgesvenn, men det krev tolmod, forståing og riktig oppfølging.
Dette er ikkje ei hastesak.
Rett heim er det einaste som betyr noko.
Ta gjerne kontakt og fortel litt om deg/dykk og kva type heim du kan tilby. Seriøse kjøpara blir prioritert!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 25.3.2026 kl. 00:23 ・ FINN-kode: 457135143
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt