Prosjekteringsleiar
Vestland fylkeskommune
- Frist 12.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Prosjekteringsleiar
Bli med å bygge framtidas Bybane i Bergen
Bybanen er meir enn skinner, straum og haldeplassar. Det er ein av dei største og viktigaste motorane for byutvikling i Bergen – og no ser vi etter deg som vil vere med å utforme neste byggetrinn.
Seksjon Bybanen Utbygging har ansvaret for bygging av bybanen, og treng no ein prosjekteringsleiar som skal leie arbeidet på eit av dei mest komplekse infrastrukturprosjekta på Vestlandet. Arbeidsstad er Bergen.
Di rolle – midt i maskineriet
Som prosjekteringsleiar blir du ein sentral del av prosjektorganisasjonen. Du følgjer alle fasane i prosjektet – frå reguleringsfase via prosjektering og bygging, til overlevering til Bybanen AS.
Akkurat no arbeidar vi med Byggetrinn 5: Sentrum–Vågsbotn og treng ein prosjekteringsleiar som skal samarbeider tett med våre rådgivarar og leiar aktiviteterar i desse kontraktane. Med andre ord: mykje kompetanse rundt bordet – og du er ein av dei som sørgjer for at gode idear faktisk blir til verkelegheit.
Arbeidsoppgåver
Du vil ha ansvar for å:
- Følgjer opp prosjekteringa og held styr på lover, krav og retningslinjer
- Er bindeleddet mellom rådgivarar og byggherre (du får folk til å snakke saman – og forstå kvarandre)
- Koordinerer fag og aktivitetar på tvers av team og leverandørar
- Bidreg til smarte, heilskaplege tekniske løysingar
- Fangar opp avvik før dei blir problem
- Du får oversikt, ansvar – og reell påverknad.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Bachelorgrad eller tilsvarande (eller høgare) innan tekniske fag
- Erfaring frå prosjektering innan infrastruktur, veg, konstruksjon eller VA
- Erfaring med leiing
- Kjennskap til VDC eller liknande arbeidsmetodikk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Som person set vi ekstra pris på at du:
- Har struktur og orden
- Likar samarbeid like godt som gode løysingar
- Er nysgjerrig, engasjert og løysingsorientert
- Tek initiativ
- Kommuniserer tydeleg – på norsk og engelsk.
- Har god digital kompetanse
- Kan identifisere og kjenne deg igjen i verdiane våre – open, kompetent og modig.
Vi tilbyr
Kva får du hos oss?
- Ei nøkkelrolle i eit av dei viktigaste samferdselsprosjekta i Bergen
- Eit sterkt og engasjert fagmiljø
- Fagleg utvikling
- Fleksitid, avspasering og heimekontorordning
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Planlegging- og realisering av byggeprosjekter
- Prosjekt design innen byggingeniøranlegg
- Prosjektering av byggeprosjekter
- Tekniske egenskaper
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lars Hillesgate 22, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
prosjekteringsleiar, prosjekteringsleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456947086
- Sist endret


