Trainee - Eide
Eide Fjordbruk
- Frist 2026-04-20
- Ansettelsesform Trainee
Trainee - Eide
Trainee i Eide
Me byggjer ikkje berre framtidas oppdrett. Me ønskjer også å utfordre korleis havbruk blir drive i dag. Eide ser etter folk som vil vere med å utvikle kva havbruk kan vere framover.
Ikkje berre optimalisere. Men også tenke nytt.
Dette er ikkje ei heilt vanleg stilling
Laks har blitt produsert på omtrent same måte i fleire tiår. Det er i ferd med å endre seg, og me ønskjer å vere ein aktiv del av den utviklinga.
Eide er eit familieeigd og integrert selskap som kontrollerer heile verdikjeda frå rogn til marknad. Det gir oss noko andre ikkje har: friheit til å ta beslutningar raskt- og ansvar for konsekvensane.
Me jobbar i skjeringspunktet mellom biologi, teknologi og data. Sensorar, analyse og kunstig intelligens blir stadig viktigare verktøy for å forstå og styre biologiske system.
Me brukar disse verktøya til å gjer ting som ikkje har blitt gjort før.
Kven me ser etter?
Me ser etter fleire personar– i ulike roller og med ulik bakgrunn. Det viktigaste for oss er ikkje ein bestemt tittel, men ein bestemt måte å tenkje på.
Du er sannsynlegvis rett person dersom du:
- Tenkjer analytisk, men handlar pragmatisk
- Er meir oppteken av å løyse problemet enn å eige det
- Toler å ikkje vite svaret – og synest det er meir spennande enn ubehageleg
- Identifiserer deg med verdiane våre: uredd, nytenkjande, påliteleg og samarbeidsvillig
Me er ikkje først og fremst ute etter den med den finaste CV-en. Me er ute etter den som gjer noko uventa med det de veit. Me ser etter menneske som er nysgjerrige og som likar å finne nye løysingar.
Fagbakrunnen me ser etter
Du kan ha bakgrunn innan til dømes:
- Biologi, havbruk eller akvakultur
- Industriell økonomi og teknologiledelse
- Kybernetikk, robotikk eller automatisering
- Informasjonsvitenskap, data science eller maskinlæring
- Havbruksingeniør
- Andre teknologi- eller økonomiretta fag
Har du ein bakgrunn som ikkje passar heilt inn i desse boksane, men du meiner du kan bidra? Ta gjerne kontakt – me er opne for gode kandidatar med ulike perspektiv.
Kva vil du faktisk jobbe med?
Det korte svaret: Det kjem an på. Det lengre svaret er at du vil jobbe med reelle problemstillingar som påverkar korleis me driv og utviklar selskapet.
Avhengig av bakgrunn og interesse kan du jobbe med:
- Personleg assistent og sparringspartnar for CEO
- Biologisk utvikling - forstå og forbetre prosessar frå rogn til slakt, og finne marginar i system andre ikkje ser
- Data og analyse– Strukturere og analysere informasjon frå heile verdikjeda for betre beslutningar
- AI og automatisering– Utvikle og implementere teknologi som faktisk endrar korleis me produserer og arbeidar.
- Nye satsingar– Delta i utgreiingar, pilotprosjekt og utvikling av nye konsept
- Teknologi og drift – Arbeide tett på operasjonar i sjø- og landbaserte anlegg
- Økonomi og strategi – Fordi god biologi også må fungere økonomisk
Du vil ikkje jobbe i ei avgrensa boks. Rolla inneber samarbeid på tvers av fagområde - med folk som kan meir enn deg på nokre område, og kanskje mindre på andre.
Kva me tilbyr
- Reelt ansvar frå start
- Innsikt i heile verdikjeda frå biologi til marknad
- Eit selskap som ønskjer å utvikle både folk og idear
- Tverrfagleg samarbeid mellom biologi, teknologi og analyse
- Eit arbeidsmiljø der sikkerheit og arbeidsglede går hand i hand
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Og eit motto me faktisk meiner:
Det viktigaste er å ha det gøy!
Bli med
Dersom dette høyrest interessant ut, vil me gjerne høyre frå deg. Me ønskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: Mari Lundal e-post: mari.lundal@efb.no mobil: 40628743
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
FerdigheterAI-generert
- Akvakultur
- Analysere data
- Biologi
- Datavitenskap
- Kunstig intelligens
- Kybernetikk
- Maskinlæring
- Robotikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no
- Sektor: Privat
- Sted: Sjøgaten 5, 5035 Bergen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Analyse, Ingeniør, Prosjektledelse
Nøkkelord
trainee, havbruk, teknologi, analyse, data
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456930970
- Sist endret



