Vikariat undervisningsstilling inntil 300 % - norsk og samfunnskunnskap
Rogaland fylkeskommune
- Frist 12.04.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Undervisningsstilling i vidaregåande skule – bidra til fagleg utvikling og elevane si framtid
Vi ser et deg som har følgjande kvalifikasjonar:
- Søkjar må ha formell undervisningskompetanse, og det er ein fordel med godkjend praktisk pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest er kravd ved tilsetjing
- Gode norskkunnskapar
Dersom det ikkje er søkarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing, kan andre søkarar som er i gang med relevant utdanning tilsetjast på vilkår av at utdanninga blir fullført
Vi ser etter deg som:
- Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
- Ein tilsett som er open og samarbeidsorientert, og som er ein kreativ formidlar med godt humør
- At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
- At du har gode digitale ferdigheiter
Personleg eignaheit vil bli vektlagd
Hos oss kan du sjå fram til:
- Ein jobb med meining
- Utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
- Høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein stabil og trygg arbeidsgivar
- Gode faglege utviklingsmoglegheiter
- Offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
- Moglegheit for støtte til kompetanseutvikling
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Vårt samfunnsoppdrag
Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»forpliktar vi oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen ligg til grunn for alt vi gjer, og speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.
Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:
- bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentrum og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
- sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
- bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
- bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som tek omsyn til både effektiv arealbruk og bustadmangfald
- arbeide for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt
Søknaden din bør innehalde:
- Søknadsbrev
- CV
- Vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar
- Dersom du har utdanning frå utlandet: godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)
Korleis søkje på stillingar hos oss:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase - Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Vi set stor pris på innsatsen du legg i søknaden din, og vi blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!
Jobb med meining
Jobb med meining
Video: https://youtu.be/gLB4c74XJ24
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Praktisk-pedagogisk utdanning
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgjevarane i fylket med rundt 4300 tilsette. Vi jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?
Bryne vidaregåande skule er ein av landets største vidaregåande skular med om lag 2200 elevar og 360 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning, innføringsklassar og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper innanfor spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktig for skulen.
Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no
Frå 01.08.2026 er det behov for vikariat i til saman inntil 300% skuleåret 26/27. Faga som skal dekkjast er hovudsakleg norsk og samfunnskunnskap. Det kan vere aktuelt med andre fagkombinasjonar. Vikariata kan delast på fleire.
Det er ønskjeleg at søkjarane har kompetanse i to eller fleire fag. Lærarane går inn i etablerte samarbeid organisert i faglag i dei ulike faga.
Det er aktuelt med undervisning på studiespesialiserande programområde, yrkesfaglege programområde og undervisning på vaksenopplæring (dag og kveld).
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Hetlandsgata 27, 4349 Bryne
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 456274802
- Sist endret

