Sommarjobb innan reinhald på Terningmoen
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning Renhold
- Frist 13.04.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb innan reinhald på Terningmoen
Forsvarsbygg på Terningmoen søkjer 2 sommarvikarar til reinhald i vekene 26 - 33. Planen er at ein av vikarane primært jobbar i veke 26-29, og ein i vekene 30-33.
Ver venleg å oppgi kva for perioden du kan jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din, men ønsket er at du må kunne jobbe ein av de to 4-veke periodane. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Utføre regelmessig dagleg reinhald og periodisk reinhald, og dessutan nedvask
- Andre reingjeringsrelaterte oppgåver innan fagområdet
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har ein ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Vi skal levere gode reinhaldstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du også har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.Kvalifikasjonar
- Søkjarar må vere over 16 år, eller fylle 16 år i 2026
- God orden og åtferd
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
- Du må kunne autoriserast før oppstart
- Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller renhaldsbetjent (kode 1138/1129), kr. 293 500 - kr. 417 600 i brutto årleg lønn.JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 2406 Elverum
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Forsvar og militær, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sommerjobb, sommervikar, ferievikar, renhold
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455949253
- Sist endret

