Økonomimedarbeidar – 100 % fast stilling
Øygarden kyrkjelege fellesråd
- Frist 15.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Økonomimedarbeidar – 100 % fast stilling
Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du kan bidra til god forvaltning av kyrkja sine ressursar?
Øygarden kyrkjelege fellesråd har ledig 100 % fast stilling som økonomimedarbeidar. Stillinga er ein del av administrasjonen ved kyrkjekontoret og vil ha ei viktig rolle i arbeidet med økonomistyring og rekneskap.
Vår visjon er «Nær Gud – nær menneske». I arbeidet vårt ønskjer vi å møte menneske med openheit og respekt, og vi legg vekt på verdiar som takknemlegheit, det å vere tenande og frimodig i møte med oppgåvene våre.
Øygarden kyrkjelege fellesråd har ansvar for drift og forvaltning av kyrkjebygg og gravplassar i Øygarden kommune, og er gravplassmyndigheit for alle innbyggjarane i kommunen. Fellesrådet ivaretek administrative og økonomiske oppgåver for dei fem sokna i Den norske kyrkja i kommunen, og er arbeidsgjevar for om lag 50 tilsette.
Som økonomimedarbeidar vil du bidra til ei trygg og god økonomiforvaltning, og vere ein viktig ressurs for leiing og tilsette i organisasjonen.
Om stillinga
Økonomimedarbeidaren har ei sentral rolle i å sikre forsvarleg økonomistyring for fellesrådet og administrasjonen. Stillinga inneber ansvar for løpande rekneskapsarbeid og for å bidra til god tilgang til oppdatert og relevant økonomisk styringsinformasjon.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og oppfølging av økonomi
- Bidra i arbeidet med budsjett for fellesrådet og dei fem sokneråda
- Registrering og kontroll av rekneskapstransaksjonar
- Avstemming og kvalitetssikring av rekneskap
- Bankavstemming
- Bidra i periodeavslutningar og årsoppgjer
- Sakshandsaming innan budsjett- og rekneskapsområde
- Fagleg støtte og rettleiing til leiarar og tilsette
- Bidra til utvikling og forbetring av rutinar og arbeidsprosessar
- Andre oppgåver innan økonomi- og rekneskapsarbeid
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
- God kjennskap til regelverk innan rekneskap og meirverdiavgift
- Gode digitale ferdigheiter og systemforståing, særleg i Excel
- Det er ønskjeleg med erfaring frå økonomiarbeid i offentleg verksemd
- Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein medarbeidar som:
- arbeider strukturert og nøyaktig
- tek ansvar og arbeider sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner
- bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ei sjølvstendig og meiningsfull stilling i eit inkluderande arbeidsfellesskap
- Varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Eit godt og kompetent arbeidsmiljø
- Offentleg tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Bedriftshelseteneste
- Lønns- og arbeidsvilkår etter tariffavtale gjennom KA – Kyrkja sin arbeidsgivarorganisasjon
- Personen som vert tilsett må ha eit personleg engasjement for Øygarden kyrkjelege fellesråd sin visjon og verdiar.
- Vi legg vekt på søkarar sine personlege eigenskapar, og at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i teamet utfyller kvarandre.
- Vis di interesse for stillinga ved å registrere CV og søknad. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden.
FerdigheterAI-generert
- Avstemming
- Avstemming av kontoer
- Bokføring
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
- Merverdiavgift
- Microsoft Excel
- Økonomistyring
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
«Nær Gud, nær menneske.»
Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.
Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
- Bransje: Kirke og menighet
- Stillingsfunksjon: Annet
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 455764104
- Sist endret



