Bildegalleri
K J Eriksson/Mora og Hultafors handverksknivar/arbeidsknivar
Til salgs
Frakt fra 19 kr + Trygg betaling 39 kr. Frakten er på tilbud – ordinær pris er 38 kr.
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Viktig! Sjå alle bileta for tilstand/skader og grad av slitasje.
Eg sel ei samling med eldre Moraknivar frå K J Eriksson i Mora, i tillegg til ein Hultafors HVK kniv. Tre av dei er modellen Mora 511, ein er Mora 711. Alle er i karbonstål og med original plastslire. Nr 1 har eit dobbelsidig blad med taggar på eine kanten som liknar på knivblad berekna på å å skjere isolasjonsskum, mineralull, polystyren, e.l. Dei fleste er godt brukte og nokre pent brukte. Kniven frå Hultafors ser ubrukt ut, med berre bittelitt punktkorrosjon. Dei har varierande grad av punktkorrosjon på bladet etter mange års lagring, og nokre kan kanskje trenge ein liten puss med rett pussemiddel for å få det bort. Litt av korrosjonen er blitt pussa vekk tidlegare.
Nr 1 har fått slipt eit spor på bladet på eine sida, men det ser ikkje ut til å påverke skarpheita på eggen. Nr 1 har også ein målingsflekk ved skaftet.
Nr 5 manglar eit bit av skaftet ved bladkanten, men framleis god å halde i. Det er også stukke nokre bittesmå groper med ei nål, e.l. på eine sida av plastskaftet på nr 5, som gjer overfalta der litt ruglete/stikkande. Den har også ein målingsflekk ved skaftkanten.
Dei passar på tur, til handverk eller verkstad. Sel desse helst samla (oppgjeven pris er for alle).
Frå ei arva knivsamling. Trykk gjerne på profilnamnet mitt og sjå mine andre knivannonser frå same samling som inneheld både ubrukte og brukte knivar frå Brusletto og Mora med meir.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 26.3.2026 kl. 23:38 ・ FINN-kode: 455717474
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt