
Bildegalleri
polarfareren Olav Bjåland, biogafi, om var med Amundsen til Sydpolen.
Til salgs
210 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
"Johan Austbø: Olav Bjåland. Idrottsmann og polfarar (1945)

Olav Bjaaland var ein av dei fem som kom fyrst til Sydpolen i 1911. Han var ein av dei mest dugande skiløparane i Noreg, og var mellom anna med i ein internasjonal konkurranse i Chamonix i 1909. På veg heim møtte han tilfeldigvis Roald Amundsen, som planla ein ekspedisjon til Nordpolen. Han inviterte Bjaaland til å vera med, Bjaaland takka ja, og eit par år seinare nådde dei altså det andre polpunktet. Når Bjaaland fyrst var invitert med på ekspedisjonen, sa det seg sjølv at han burde vera med heilt fram til polen - i tillegg til å vera ein suveren skiløpar var han òg skimakar, og ser ut til å ha vore ein svært habil snikkar. Den vinteren dei budde på Framheim og førebudde seg på å reisa sørover, reduserte han til dømes vekta på sledane deira frå 88 til 22 kilo, utan at sledane miste noko av kvaliteten sin.
Denne boka fortel kort om livet til Bjaaland. Det er ei merkeleg bok, der alt Bjaaland tek i vert til gull. I andre bøker om sydpolsekspedisjonen er det to episodar som ofte får stor plass: Den altfor tidlege avreisa frå Framheim, som førte til at ein av ekspedisjonsmedlemmane nesten fraus i hel, og til at Hjalmar Johansen ikkje fekk vera med sørover. Dessutan er det vanleg å nemna kva som skjedde med dei fem britane som miste livet i kappløpet mot Sydpolen. Austbø nemner ikkje episoden med Johansen, og lesarane får heller ikkje vita kva som skjedde med Scott og dei andre britane, bortsett frå at nordmennene var glade då dei kom til polpunktet utan å finna spor av andre.
Austbø fortel greitt om livet til Bjaaland før ekspedisjonen. Han var ein ivrig skiløpar, som gjorde det godt i nasjonale renn. Om livet etter ekspedisjonen handlar det stort sett om at han gifte seg, og at han flytta litt att og fram mellom to bygder i Telemark."
Teksten er sitert fra "Kulturbloggen til Guffen" fra 2018,
Boka er tilnærmet uåpna, men omslaget har noen flekker som det framgår av bildet, den er på 129 sider gitt ut på Fonna forlag i 1945.
polarlitteratur, sydpolekspedisjonen i 1911, biografi, historie.
Boka kan hentes i Lillehammer sentrum, eventuelt sendes pr.post mot portodekning.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 15.3.2026 kl. 20:41 ・ FINN-kode: 455679849

