Bildegalleri
Gibson Les Paul Classic 1991 – «Golden Era» tidleg 90-tals!
Til salgs
26 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Gitartype: Elektriske gitarer
Eg vurderer no å selje ein fantastisk Gibson Les Paul Classic frå 1991.
For kjennarar er årgangane 1990–1993 rekna som den absolutte gullalderen for Les Paul Classic, der Gibson verkeleg trefte spikeren på hovudet med byggekvalitet og historisk korrekte detaljar, ifølge google.
Historikk og tilstand: Gitaren var i aktivt, men pent bruk frå han var ny i 1991 og fram til 2005. Sidan den gong har han stort sett lege trygt nedpakka i kassa.
Med tanke på at gitaren no er 35 år gamal, er han relativt lite brukt!
Han har naturlegvis fått litt kledelig sjel og patina frå dei første 14 åra i teneste.
Den har mange, men etter mitt syn ingen skjemmande bruksmerke.
Viktig info om hovud/hals: Gitaren har aldri hatt halsbrot eller skadar (no headstock break/repair). Baksida av halsen og overgangen til hovudet er heilt strøken.
Bilete av elektronikken (med datokode) og den korrekte messingmutteren (acorn nut) til truss rod er lagt ved i annonsa som bevis for autentisitet.
Oversaddelen er av ein eller annan grunn filt ned. Noko som har fungert veldig bra, so lenge eg har spelt på gitaren.
Originalitet: Alt av treverk, lakk og elektronikk er originalt og urørt frå fabrikken (potmeter har CTS-datokode 1379048, som daterer dei til veke 48 i 1990). To små unntak er bytte ut grunna vanleg slitasje på 90-talet:
* Inngangen til jacken er skifta for å sikre skurrefri kontakt.
* Den vesle plasttuppen på mikrofonskiftaren (toggle switch) er uoriginal.
* Dekselet rundt halspickupen er limt.
Høgdepunkt for denne gitaren, ifølge google:
* Årsmodell: 1991 (Serienummer: 1 1679). Har det korrekte blekkstempelet.
* Hovudet: Har «Les Paul MODEL» i gullskrift, noko som er unikt for dei tidlege Classic-modellane (endra til «Classic» i 1993).
* Pickups: Originale og kraftige 496R og 500T keramiske humbuckerar.
Tilbehøyr: Den originale brune Gibson-kassa med rosa plysj følgjer sjølvsagt med.
Gitaren kan prøvast og hentast på Karmøy.
Han kan òg sendast trygt pakka i kassa si, for kjøpar si rekning og risiko.
Ta gjerne kontakt ved spørsmål!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 12.3.2026 kl. 16:00 ・ FINN-kode: 455104048