Plantehelse
Mattilsynet
- Frist 25.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bidra til god plantehelse i Noreg?
Vi har ledig to faste stillingar og eit årsvikariat.
Mattilsynet er eit statleg tilsyn og direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag: å tryggje framtida for menneske, dyr og natur. Vi er både myndigheitsutøvar, rettleiar og beredskapsaktør.
Avdeling planter er nasjonal og har forvaltningsansvar for blant anna plantehelse (inkludert import og eksport), plantevern og såvarer. Vi har 24 tilsette i heile landet. Du må kunne reise noko i jobben.
Mattilsynet har om lag 70 kontorstader over heile landet. For desse stillingane søkjer vi medarbeidarar til kontorstad Oslo, Drammen, Ski, Brumunddal, Gjøvik, Hønefoss eller Trondheim. Kontorstad ved andre av Mattilsynet sine kontor kan vera aktuelt etter avtale.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling. Trivst du med sjølvleiing, samarbeid i team og har god rolleforståing, får du her sjansen til å gjere ein forskjell - saman med kollegaer som brenn for faget.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn og saksbehandling innan plantehelse, plantevernmiddel og såvarer.
- Rettleiing til verksemdene vi fører tilsyn med og til organisasjonar, andre aktørar og innbyggjarar.
- Samarbeide med næring, kunnskapsinstitusjonar og andre relevante aktørar.
- Andre oppgåver ved behov.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Utdanning innan plantevitskap/plantehelse eller tilsvarande relevant utdanning fortrinnsvis på masternivå (minimum bachelor).
- Godkjent førarkort klasse B.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk.
- Gode datakunnskapar og evne til å tilpasse deg nye digitale løysingar.
Det er ein fordel om du i tillegg har:
- Erfaring frå forvaltningsområda til avdelinga.
- Erfaring frå offentleg forvaltning.
- Nyutdanna kan også søke.
Personlege eigenskapar
- Du har god rolleforståing, kan vurdere faglege problemstillingar og finne gode løysingar.
- Du har evne til å arbeide i team, men også evne til å arbeide sjølvstendig.
- Du må kunne prioritere og ha gode gjennomføringsevner.
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du er lærevillig og fleksibel.
- Du er utviklingsorientert og har interesse for å drive fram nye måtar å løyse oppdraget på.
Vi legg vekt på at ein eignar seg i stillinga.
Vi tilbyr
- To faste stillingar og eit vikariat som førstinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. Tilsvarande stillingar i Mattilsynet vert lønna frå kr 600 000 til kr 770 000 for. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn verte vurdert
- Eit godt fagmiljø med erfarne og dyktige kollegaer.
- Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring.
- Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommartid/vintertid).
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ta kontakt med avdelingsleiar Marit Larssen Sekse på mobil 911 86 566, om du har spørsmål om stillinga.
Slik søkjer du
Berre elektroniske søknader vert vurdert. Du lastar vitnemål opp via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ein enkel og trygg overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, sjå vitnemalsportalen.no. Søkjar som ikkje har moglegheit til det, kan leggje attester og vitnemål med som vedlegg til søknaden.
Vår visjon er at vi saman tryggjer framtida for menneske, dyr og natur. For å lukkast med dette, er vi i gang med ei omfattande utvikling av organisasjonen. Dette handlar om korleis vi arbeider saman og korleis vi utviklar løysingar med vekt på behova til brukarane våre. Vi er over 1 200 kollegaer med kompetanse på tvers av mange fagfelt, som til dømes veterinærfaget, næringsmiddelproduksjon, biologi, utvikling, juss og forvaltning. Det gler oss at vi har klatra på omdømemålingar i offentleg sektor, fordi vi er avhengige av tillit og arbeider hardt for å bli oppfatta som ein hjelpar. Vi er til stades i heile landet, og vi utviklar oss kontinuerleg. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfald er ei styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein endå betre måte. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg dersom du treng det. Vi bruker berre avkryssingane til å velje ut rette kandidatar og til anonymisert statistikk.
FerdigheterAI-generert
- Plantekjennskap
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Les mer om oss på våre hjemmesider www.mattilsynet.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Tårnvegen 41, 2381 Brumunddal
- Flere arbeidssteder: Lakkegata 53, 0187 Oslo, Glynitveien 30, 1400 Ski, Otto Nielsens veg 12, 7052 Trondheim, Kartverksveien 12, 3511 Hønefoss
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Biolog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454903802
- Sist endret



