Seniorrådgjevar økonomi
Nav
- Frist 06.04.2026
- Ansettelsesform Fast
Seniorrådgjevar økonomi
Vi søkjer ein kompetent medarbeidar til økonomiteamet ved Nav fylkeskontor Vestland.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt, inkluderande og samarbeidande økonomiteam. Du vil jobbe tett saman med økonomiansvarleg og rekneskapsmedarbeidar, og få ansvar for varierte oppgåver innan økonomioppfølging, analyse og styring.
Vi ønskjer oss ein kollega som trivst med samarbeid, bidreg med eigne faglege perspektiv og er oppteken av å skape gode og effektive arbeidsprosessar saman med andre. Kjenner du deg igjen i dette, vil vi gjerne høyre frå deg.
Nav fylkeskontor Vestland er fylkesadministrasjonen for Arbeids- og velferdsetaten i Vestland. Vi har det strategiske ansvaret for gjennomføringa av arbeids‑ og velferdspolitikken i fylket. Fylkeskontoret består av fire avdelingar med overordna styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Økonomiteamet høyrer til avdeling økonomi og analyse.
Kva går jobben ut på?
- bidra i budsjettering, økonomioppfølging og rekneskapsarbeid
- følgje opp budsjett og rekneskap for regionane i Nav Vestland
- arbeide med utvikling og kvalitetssikring av rapportering og økonomistyringsprosessar
- produsere analysar, vurderingar og anbefalingar innan rekneskap og økonomi
- medverke i arbeid med fordelingsmodellar og gevinstrealisering
- utføre ulike økonomioppgåver, som fakturabehandling, utfakturering og omposteringar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning innanfor økonomi på minimum bachelornivå. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- erfaring med å koordinere mellom ulike arbeidsoppgåver og kontaktpersonar
- erfaring frå økonomioppfølging
- gode digitale ferdigheiter og interesse for nye dataverktøy og fagsystem
- kunnskap om avanserte funksjonar og formlar i Excel
Det er ein fordel om du har
- kjennskap til Lean-metodikk
- gode rettleiingsevner
- kjennskap til ulike type økonomiverktøy og visualiseringsverktøy
Vi nyttar mellom anna Tableau, PowerBI, Micro Strategy, Anaplan, Planning, Analytics Unit4 og Oracle Business suite.
Kva ser vi etter hos deg?
- arbeider sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
- er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- er omstillingsdyktig og har blikk for forbetringar
- tek i bruk nye arbeidsverktøy og datasystem på ein rask og trygg måte
- har god evne til å formidle fag på ein forståeleg måte
- er inkluderande og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Kvifor velje oss?
- ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- bli en del av eit arbeidsfelleskap med eit meningsfullt samfunnsoppdrag
- store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i ein stor offentlig virksomhet
- bli del av eit innovativt miljø med stort fokus på kontinuerleg forbetring og utvikling
- ulike velferdsgode som fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogleheit for trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- stillinga blir plassert i stillingskode 1364 seniorrådgivar. Lønsspennet er frå kr. 690 000 til 750 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
FerdigheterAI-generert
- Budsjettarbeid
- Digitale ferdigheter
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
- Sektor: Offentlig
- Sted: Solheimsgaten 7E, 5058 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Controller, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454783950
- Sist endret





