Daglig Leder
POTAMADRE AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Pota Madre, Norge - Daglig Leder
Leder som bygger struktur, lønnsomhet og vekst
Potamadre er eit norsk fastfood-konsept i vekst med fleire eigne matvogner og franchise-einingar. Selskapet har dei siste åra hatt sterk vekst i etterspørsel og omsetning, og jobbar no målretta med å vidareutvikle organisasjonen, styrke lønsemda og bygge ein struktur som kan skalerast vidare.
Vi ser no etter ein daglig leder som ønskjer å ta det overordna operative ansvaret for selskapet i Norge.
Dette er ei rolle for ein leiar som trivst med både overblikk og gjennomføring, og som likar å skape struktur, økonomisk kontroll og tydelige prioriteringar i ein organisasjon i utvikling.
Om rolla
Som daglig leder vil du ha det overordna operative ansvaret for Potamadre i Norge.
Dette inneber blant anna:
Operativ leiing
oppfølging av regionsansvarlege og vognansvarlege
sikre stabil og effektiv drift av matvognene
bygge tydelege ansvarslinjer i organisasjonen
sørge for at rutinar og standardar blir følgde
Økonomi og lønsemd
oversikt over marginar, kostnader og resultat
kontroll på varekost, lønn og andre driftskostnader
oppfølging av leverandøravtalar og prising
bidra til betre økonomisk struktur og rapportering
Struktur og system
etablere gode system for oppfølging og rapportering
sikre at organisasjonen har klare prioriteringar
bidra til å rydde opp i struktur og arbeidsprosessar
implementere tiltak som faktisk blir gjennomført
Utvikling
bidra til å vidareutvikle organisasjonen i takt med veksten
vere ein sentral sparringspartnar for gründer
delta i planlegging av nye lokasjonar og vidare utvikling
Rolla vil vere både strategisk og operativ, og krev ein leiar som trivst tett på kvardagen i drifta.
Kven vi ser etter
Vi ser etter ein erfaren leiar som har:
erfaring frå drift av fleire einingar innan restaurant, fastfood, retail eller service
solid forståing for økonomi, kostnadskontroll og lønsemd
erfaring med å bygge struktur og system i ein operativ organisasjon
evne til å prioritere og skape framdrift i ein travel kvardag
tydeleg, men rettferdig leiarstil
høg gjennomføringsevne
Formell utdanning kan vere ein fordel, men praktisk erfaring frå drift og leiing er viktigast.
Personlege eigenskapar
Vi trur du:
trivst i eit miljø med tempo og mykje aktivitet
er strukturert og analytisk
er trygg i avgjerder og ansvar
er løysingsorientert og praktisk
likar å få ting til å fungere i praksis – ikkje berre på papir
Ferdigheter
- Arbeidsledelse
- Kostnadskontroll (Financial controlling)
- Multitasking
- Restaurantdrift
- Utvikling og implementering av systemer for mål - og resultatoppfølging
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Potamadre AS starta opp i oktober 2024, og har sidan den gong hatt ein veldig rask vekst. På litt over eitt år har vi starta opp 12 lokasjonar – inkludert ei vogn i USA og eitt fast lokale. Vi har store ambisjonar om vidare vekst, både gjennom eigne einingar og gjennom franchisekonsept.
Konseptet til Potamadre er bygd på god og smaksrik mat, rask servering og høg verdi for pengane. Vi er stolte av produktet vi serverer. Det ligg mykje arbeid bak oppskriftene våre – både i utvikling, finpussing og kvalitetssikring av heile prosessen. Frå råvarer og produksjonskjøkken, til matlaging i vogn og heilt fram til servering til kundane våre.
No ser vi etter ein person som kan bli ein viktig del av teamet vårt, og vere med å bygge like gode verdiar, struktur og resultat administrativt som vi har gjort på produkt og drift.
Vi tilbyr
ei sentral rolle i eit norsk konsept i vekst
stort handlingsrom og reell påverknad
tett samarbeid med gründer og organisasjonen
moglegheit til å vere med å bygge vidare eit konsept med nasjonale ambisjonar
konkurransedyktige vilkår og insentivordningar
Gründer vil framleis vere aktiv i selskapet og arbeide med konseptutvikling, nye idear, marknadsføring og vekstinitiativ.
- Sektor: Privat
- Sted: Lars Hilles Gate 19, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Butikk og varehandel, Økonomi og regnskap, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse, Mat og servering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454675979
- Sist endret


