Pedagogisk psykologisk rådgjevar
Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar
- Frist 22.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?
Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. I Familiens hus inngår Førebyggande helseteneste, Barneverntenesta og eininga Barn, unge og familiar. PPT er ei avdeling under Barn, unge og familiar. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og PPT er ofte ein viktig del av laget kring barnet. Det er etablerte strukturar for samarbeid internt i Familiens hus og med ulike eksterne samarbeidspartnarar.
PP-Tenesta i Bjørnafjorden har ledig 100% eittårs vikariat som PP-rådgjevar
Arbeidskvardagen i PPT er prega av høgt arbeidstempo, fleksibilitet og varierte arbeidsoppgåver. Bjørnafjorden PPT arbeider med barn og ungdom frå 0 år og ut 10. trinn i grunnskulen, og med vurdering av individuell tilrettelegging tilknytt vaksenopplæringa.
Pedagogisk Psykologisk Teneste skal samarbeide med og støtte einingane i det førebyggande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod, bidra med systemisk arbeid gjennom kompetanseheving og organisasjonsutvikling inn til skular og barnehagar, samt utarbeide sakkunnige vurderingar der lova krev det (individnivå). Alle barnehagar og skular har eigen PPT-kontaktperson for dialog rundt behov for støttetenester.
Bjørnafjorden PPT består av aktive og engasjerte medarbeidarar med høg fagkompetanse. For å komplementere samla kompetanse i tenesta blir erfaring knytt til arbeid med ungdomsskuleelevar vektlagd. Søkjar må ha svært gode kommunikative ferdigheiter for å fylle rådgjevarrolla, og i tillegg kunne skrive godt på nynorsk. Vidare er det ønskeleg med kompetanse og/eller erfaring innanfor relevante spesialpedagogiske eller psykologiske fagområde.
Arbeidsoppgåver:
- Kontaktperson skule/ungdomsskule
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid
- Kompetanseheving i skule på individ- og organisasjonsnivå
- Konsultasjons- og rettleiingsarbeid
- Utviklingsarbeid i Familiens hus og eiga teneste
- Utgreiings- og sakkunnigarbeid
- Rettleiing av studentar
- Andre oppgåver kan knytast til stillinga i tillegg til lista over
Kvalifikasjonar:
- Psykolog eller pedagog med master i spesialpedagogikk/pedagogikk, eller anna relevant høgare utdanning og erfaring
- Erfaring frå PPT er ein fordel
- Kompetanse på rettleiing og konsultasjon som arbeidsmetode
- Kjennskap til organisering av tenester knytt til helse og oppvekst
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Fordel med erfaring frå arbeid med ungdom på ungdomsskulesteget
- Ønskeleg med kompetanse eller erfaring knytt til psykisk helse og/eller åtferdsvanskar
I tillegg ønskjer vi at du har:
- Gode kommunikasjonseigenskapar og samarbeidsevne
- Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
- Evne til å jobbe godt i team
- Engasjert og fleksibel
- Endringsorientert
- Evne til å bidra positivt inn i eit arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vert vektlagd
Vi tilbyr:
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande avtalar
Det er nødvendig med førarkort klasse B og ein må pårekna noko bruk av eigen bil i tenesta for samarbeid med skular i heile kommunen.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høyerer utdanning og kompetanse(HK-dir):https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet.
Ved eventuell tilsetting er det krav om politiattest før oppstart.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktpersonar:
Annveig Myklebust Fjellstad, avdelingsleiar PPT
tlf 41 23 57 23
Linda Hevrøy, leiar for Familiens Hus
tlf 97 15 69 89
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Annet, Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Psykolog, Spesialpedagog
Nøkkelord
Psykolog, Pedagog, PPT, FamiliensHus, Spesialpedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454084351
- Sist endret


