Båtførar/guide
Fjord Guiding AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Bli med på eventyret som RIB-førar / guide – opplev Nordfjord frå sjøen!
Bli med på eventyret som RIB-førar / guide – opplev Nordfjord frå sjøen!
Vil du ha ein jobb der arbeidsplassen er fjorden?
Fjord Guiding AS søkjer fleire dyktige RIB-førarar / guidar til vårt team i Nordfjord. Her får du kombinere sjøliv, fart, natur og formidling – og gi gjestar frå heile verda ei oppleving dei aldri gløymer.
Fjord Guiding er Norges største RIB-operatør og opererer rundt 20 båtar i sesongen. Vi leverer guida opplevingar i nokre av dei vakraste fjordområda i landet.
Stillinga vil i hovudsak vere knytt til Nordfjordeid og Måløy, men det kan også bli aktuelt å køyre turar på Geirangerfjorden.
For rett kandidat kan det etter kvart vere mogleg med utvida ansvar og fast stilling.
Arbeidsoppgåver
Sikker og profesjonell føring av RIB-båt på guida turar
Guide og formidle natur, historie og lokale forteljingar
Sørgje for ei trygg, spennande og minneverdig oppleving for gjestane
Klargjering, vask og enkelt vedlikehald av båtar og utstyr
Samarbeide tett med kollegaer for å sikre gode gjesteopplevingar
Kvalifikasjonar
D5L (fritidsskippersertifikat) eller høgare
STCW Sikkerhetskurs for sjøfolk
SRS/VHF sertifikat eller høyere
Passasjer- og krisehåndteringskurs
Gyldig helseattest for sjøfolk
Flytande norsk, både munnleg og skriftleg
God munnleg engelsk
Personlege eigenskapar vert vektlagde, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi verdset mangfald i vårt team.
Dersom du ikkje har alle nødvendige sertifikat, kan vi tilby avtale om gjennomføring av kurs, mot at du forpliktar deg til å arbeide hos oss over ein lengre periode.
Vi ser etter deg som
Likar å snakke med og guide gjestar
Er interessert i natur og kulturlandskap
Trivst ute på sjøen og i naturen
Er sosial, utadvendt og ansvarsbevisst
Taklar høgt tempo i høgsesongen
Vi tilbyr
Gode lønnsordningar
Full opplæring
Eit sosialt arbeidsmiljø med fornøgde gjestar
Moglegheit for arbeid i fleire sesongar
Moglegheit for vidare karriere i selskapet
📍 Arbeidsstad: Nordfjordeid / Måløy (med moglegheit for turar i Geiranger)
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Fjord Guiding AS er Norges største operatør av RIB-opplevingar og opererer rundt 20 båtar i sesongen. Vi tilbyr guida turar i nokre av dei mest spektakulære fjordområda i landet, mellom anna i Nordfjord og på Geirangerfjorden.
Sidan oppstarten har målet vårt vore å gi gjestar frå heile verda trygge, lærerike og minneverdige opplevingar på fjorden. Våre guidar kombinerer fart og spenning med formidling av natur, historie og lokal kultur.
Selskapet har eit sterkt fokus på sikkerheit, kvalitet og gode gjesteopplevingar. Vi er også Miljøfyrtårn-sertifisert, og arbeider kontinuerleg for å redusere miljøpåverknaden frå verksemda vår.
Hos Fjord Guiding blir du ein del av eit sosialt og profesjonelt team med stor interesse for sjø, natur og formidling. Mange av våre tilsette kjem tilbake sesong etter sesong, og for rett person finst det gode moglegheiter for vidare utvikling i selskapet.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 3
- Sted: Kaivegen 12, 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Event og arrangementer, Reise og turisme, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Annet, Dekksoffiser, Transport og sjåfør
- Arbeidsspråk: Engelsk, Norsk
Nøkkelord
rib førar, guide, nordfjord, formidling, d5l sertifikat
(1/9)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 454045938
- Sist endret

