Bildegalleri
Diverse "yalla" knivar av antatt liten verdi seljast samla
Til salgs
800 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Må fikses - Noen mangler/ødelagte deler
Les heile annonsa før du eventuelt kontaktar meg, eller vil kjøpe dette!
Seljast samla (4 knivar + sett a 4 knivar), inkludert frakt, for oppgitt pris.
-/-/-
Generell tekst som blir nytta i fleire annonser:
Eg var eigentleg på jakt etter nokre bruksknivar til å lage seljefløyter med ungane mine, eller for å ha nyslipte knivar i bakhand når eg skjer i bein under slakting. I staden kom eg over ei samling seljaren ikkje ville splitte. Dermed sat eg brått med 28 knivar av ulik kvalitet.
Eg har ikkje nytta sandpapir, rust eraser, Autosol eller noko slikt etter at eg fekk dette. Det er godt mogleg at nokre av objekta i denne annonsa kan «pyntast» med liten eigeninnsats.
Her er det eg sel i denne annonsa – med mi ærlege meining dette:
-/-/-
For denne annonsa:
Sjå bilete 1:
Topp:
Foldekniv. I følge AI ein rimeleg kniv som blir seld under ulike namn rundt om i verda. Truleg produsert i Kina. Tilsvarande dukkar opp her og der i litt ulike fargar og med ulike namn. Typisk oppgitt nypris: 300–350 kr.
Frå venstre 1:
Type rambo/survival- kniv. «Spain» står på bladet, men kniven er truleg produsert i Kina for sal i bakgatene på Costa del Sol. Ser ut til å vere forsøkt slipt av ein amatør.
Frå venstre 2:
AI fann nokre som liknar på eBay, med ville påstandar om handlaga damaskusstål til mellom USD 20 og 37. For meg ser det ut som mønsteret på denne (faktisk) ikkje er lasergravert. Men, knivar med «damask» er som regel ubrukelege utan eit godt kjernestål. Denne er meir rusta og shabby enn dei andre i annonsa. Mogleg det er litt karbon i stålet slik at den kan slipast skarp som brukskniv. Men, det er berre synsing frå mi side.
Frå venstre 3:
Ser ut som noko Kaptein Sabeltann kunne ha plukka med seg på tokt i aust. AI finn ein tilsvarande på ein Joom-side til 561 kr, med kvalitetspåstandar eg ikkje kan stå inne for. I annonsa på nettet har kniven ei slire – det har ikkje eg. Handtak treng litt olje.
Frå venstre 4:
Boksen har noko slitasje. 4 foldeknivar med viltmotiv. Knivane framstår ubrukte. Mogleg nokon samlar på slike. Det ligg ute nokre tilsvarande på Finn for 200–899 kr. Mogleg gaupe er meir verdt enn bjørn – eg veit ikkje. Antatt liten bruksverdi.
Søk på Finn: %foldekniver med dyremotiv% eller %wildlife collector%
-/-/-
Prisen er inkludert frakt. Har du høve til å hente dette i Førde eller omegn etter avtale, blir det kr. 100 rimelegare.
Eg håpar og trur prisen gjenspeglar at eg verken har særleg tru på, eller bruk for, dette sjølv. Eg ønskjer ikkje å bruke tid på ekstra pakking eller sliping, og eg splittar ikkje pakken utover det som står i teksten her. Dersom dette ikkje blir selt innan rimeleg tid, set eg ned prisen. Har du annonse som favoritt, får du eventuelt varsel når prisen endrar seg.
NB: Ingenting her har blad over 25 cm. Eg forbeheld meg uansett retten til å seie nei til sal dersom du til dømes ikkje er BankID-verifisert, og/eller ikkje kan møte opp, eller om du ikkje kan vippse frå eit nummer eg kan sjekke.
NB: Travel kvardag. Kan gå inntil tre kvardagar før eg får sendt.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 14.3.2026 kl. 09:15 ・ FINN-kode: 453664887


