Undervisningsstillingar i skulane i Giske kommune frå 01.08.2026
Oppvekst, Giske kommune
- Frist 17.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Barneskulane og ungdomsskulen i Giske kommune har ledige undervisningsstillingar frå 01.08.2026, både faste stillingar og vikariat.
Visjonen for oppvekst i Giske kommune er "Det var bra eg kom", med utgangspunkt i barnet si erfaring i møte med barnehage og skule.
Dei aller fleste stillingane inneber kontaktlæraransvar.
Kompetansebehov:
Lærar 1. - 7.
Lærar 5. - 10.
Lærar med kompetanse på begynneropplæring.
Lærar med spesialpedagogisk kompetanse og ASK.
Fag: norsk, matematikk, engelsk, naturfag, særskilt norskopplæring, krle, musikk, kunst og handtverk.
For alle stillingane gjeld:
- Det er krav om gyldig politiattest.
- Administrasjons- og undervisningsmålet er nynorsk.
- I tillegg til formell utdanning og praksis legg vi vekt på personlege eigenskapar og at du elles er skikka for stillinga.
VIKTIG !
I søknaden må du gi opp informasjon om:
- Kva skule søkjer du til - oppgi eventuell prioritering mellom skulane.
- Kva grunnutdanning har du? (Allmennlærarutdanning 1-7? Allmennlærarutdanning 5-10? Førskuleutdanning m/evu?)
- Kva fag har du - og kor mange studiepoeng i kvart fag?
- Kor mange år har du jobba som lærar?
- Har du erfaring som kontaktlærar?
Kvalifikasjonar
Vi søkjer lærarar som:
- har gode evner i klasseleiing og relasjonsbygging gjennom å vere ein autorativ vaksen
- har fokus på fagleg inkludering gjennom tilpassa opplæring i elevgruppa
- har evne og vilje til nytenking og utvikling
- har engasjement, løysingsvilje og evne til fleksibilitet
- har evne til å bidra til eit godt samarbeid
- har erfaring som kontaktlærar
- har god digital kompetanse - erfaring i bruk av digitale verktøy i undervisninga vert vektlagt
- har god norskkunnskap både munnleg og skriftleg (nynorsk)
Vi tilbyr
- Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
- Føresette og lokalsamfunn som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrer
- Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
- Samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente tilsette
- Systematisk tverrfagleg samarbeid
Skulane i Giske har ambisjonar om å skape eit inkluderande og samlande oppvekstmiljø.
Grunnleggande prinsipp:
- barnet/ungdommen er i sentrum
- ønska elevrolle er utgangspunkt for lærar- og leiarrollene
- læring er sosial med fokus på samarbeid
- barnet/ungdommen sin motivasjon og emosjonar er vektlagd
- vi anerkjenner forkunnskap og individuelle forskjellar,
- barnet/ungdommen blir utfordra utan å verte overbelasta
Skulane i Giske kommune :
Giske ungdomsskule: https://www.giske.kommune.no/giske-ungdomsskule/
Skulen er lokalisert på Valderøya med om lag 350 elevar fordelt på 15 klasser. Skuleåret 2025/26 oppretta vi Naustet, ein alternativ opplæringsarena. Einingsleiar /rektor Gry Støbakk Ytterland, tilf 926 52 950
Godøy skule : https://www.giske.kommune.no/godoy-skule/
Skulen er ein 1-7 skule, lokalisert på Godøya, med 126 elevar og med ca 50 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Oddfrid Reinlund, tlf. 480 23 464.
Vigra skule: https://www.giske.kommune.no/vigra-skule
Skulen er ein 1-7 skule med 197 elevar og med ca 70 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Karianne Farstad tlf. 950 80 565.
Valderøy barneskule: https://www.giske.kommune.no/valderoy-barneskule/
Skulen er ein 1 - 7 skule med 459 elevar organisert i 4 avdelingar og ca 180 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Terje Austnes tlf. 907 87 060 og stedfortredande rektor Gumundur Gudjonsson tlf. 473 35 654.
Giske skule: https://www.giske.kommune.no/giske-skule/
Skulen er ein 1-7 skule med 88 elevar og med ca 35 barn i SFO. Einingsleiar / rektor Sunniva Kvalsund, tlf. 472 85 282.
Kontaktinformasjon
Gry Støbakk Ytterland, einingsleiar / rektor, 92652950Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464
Karianne Oline Farstad, einingsleiar / rektor, 95080565
Terje Andrè Austnes, einingsleiar/rektor, 90787060
Gudmundur T. Gudjonsson, avdelingsleiar / stedfortredande rektor, 47334654
Sunniva Åkernes Kvalsund, einingsleiar/rektor, 47285282
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5089913667
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453618220
- Sist endret

