Vil du jobbe med sjømat og bærekraft?
Havforskingsinstituttet
- Frist 22.03.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Postdoktor innan sjømat og berekraft
Om stillinga og prosjektet
Ved Havforskingsinstituttet har vi no ledig ein fireårig stilling som postdoktor knytt til forskingsprosjektet «Indikatorar for berekraftig sjømat». Stillinga er ei åremålsstilling og inngår i faggruppa Sjømat og ernæring. Arbeidsstad er Bergen.
Verdas matproduksjon står for store deler av totalt klimaavtrykk, og i endå større grad naturøydeleggjing, som utfordrar langsiktig berekraft. Gjennom prosjektet Research Based Evaluation of SEAfood SUStanability (SEASUS) vil vi systematisere data på natur- og klimapåverknad frå ulike aktørar og kjelder i matsystemet. Målet er å kunne presentere berekraftsdata på ulike sjømattypar, på same måte som vi har analysar av næringsstoff og miljøgifter. Det langsiktige målet er at slike data skal vere opne og presenterast i HI sin eigen matdatabase Sjømatdata (https://sjomatdata.hi.no/#search/).
Prosjektet vil starte med å utvikle indikatorar for villfanga og oppdretta sjømat og kople desse med eksisterande indikatorar på ulike parametrar. Vi vil arbeide breitt, ved å til dømes sjå på samfunnøkonomisk- og ernæringsmessig berekraft, og samle og vekte indikatorar for dette. Ettersom berekraftsvurderingar er viktige for folk sine matval, treng vi gode og etterprøvbare data på ulike matvarer sin berekraftsprofil gjennom matsystemet. Det er i stor grad tenkt å bruke data frå bestandsforsking og akvakulturforsking ved HI som grunnlag for indikatorar for sjømat.
Arbeidsoppgåvene vil vere å bidra med forsking på feltet sjømat og bærekraft for å fastsetje målbare indikatorar, lage system for å trekke ut data, vekte ulike parametre og lage system for oppdatering og endringar. Ein del av oppgåva vil og vere å planlegge og utforme interne workshops for å velje relevante berekraftsindikatorar. Det vil også kunne vere aktuelt å bidra i undervisning- og utarbeiding av opplæringsmateriell, og å delta i rekruttering og rettleiing av studentar, datainnsamling, kunnskapsformidling til aktive medarbeidarar, innsamling av data og behandlinga av desse. I tillegg vil du delta i prosjektgruppa, og i ulike arbeidsgrupper på undertema. Som postdoktor vil du også ta del i fellesmøta i faggruppa, og i andre obligatoriske samlingar ved instituttet. Deltaking i gruppa sine aktivitetar er viktig, både for kunnskapsdeling og for arbeidsmiljøet.
Det er tillagt 25 % pliktarbeid til denne stillinga. Pliktarbeidet vil gå ut på å støtte vår funksjon som sekretariat for Handlingsnettverket for akvatisk mat, eit prosjekt initiert og leia av Noreg i samband med FN sitt ernæringstiår.
Om forskingsgruppa og arbeidet vi gjer
FG Sjømat og ernæring bidreg til auka kunnskap om sjømat og helse. Vi arbeider med kartlegging av kva sjømaten inneheld av både essensielle næringsstoff, og uønskte stoff, gjennom kjemiske analysar, dyreforsøk og humane forsøk. Vi studerer mellom anna korleis sjømaten bidreg til å sikre ernæring og helse. God ernæringsstatus er spesielt viktig ved til dømes graviditet, og i dei fyrste leveåra våre men det er også viktig for god helse for heile folkesetnaden. Gruppa har i dag om lag 14 forskarar, stipendiatar og postdoktorar, og ein teknikar som driftar dyrestallen vår.
Kvalifikasjonskrav
Til denne stillinga søkjer vi ein person med
- MSc og PhD i biologi eller anna relevant fagområde, med tema innan fiskeri, havbruk, mat og berekraft
- Erfaring med relevante statistiske programvarer og analyser, som for eksempel R.
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
For å kunne gjennomføre dette prosjektet er det en føresetnad at du kan uttrykke deg godt på norsk, skriftleg og munnleg. Du må meistre å bruke norsk som arbeidsspråk, for å kunne ha gode dialogar med samarbeidspartnarane i prosjektet.
Personlege eigenskapar
Vi på Havforskingsinstituttet er overtydde om at personlegdom spelar ei rolle i korleis vi jobbar, kommuniserer og trivs på arbeidsplassen. Til denne stillinga ser vi for oss ein medarbeidar som
- trivs med å arbeide sjølvstendig innfor fagfeltet ditt
- fremjar god lagånd
- kommuniserar på ein smidig måte
- samarbeidar godt med ulike mennesker og trivs i tverrfaglege grupper
- har evne til å arbeida systematisk og målbevisst
har evne til å styra tida di og planlegge arbeidet opp mot gjeldande, og ofte korte fristar
Ønskjeleg kompetanse
- Forfattarskap i vitskaplege publikasjonar om relevante tema
- God kunnskap om norsk sjømatnæring
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid og prosjektarbeid
- Erfaring med undervisning og rettleiing av studentar
Inkludering og mangfald er ein styrke
Havforskingsinstituttet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Difor oppfordrar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge høva til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.
Dersom det fins kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting (https://lovdata.no/forskrift/2017-06-21-838/§4), hol i CV (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-06-21-838/%C2%A74a#%C2%A74a) eller innvandrarbakgrunn (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-06-21-838/%C2%A74b#%C2%A74b), vil vi invitere minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle krava, og huke av for at du ønskjer positiv særbehandling når du søkjer. Du kan lese meir her (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).
Søknaden må innehalde
- ein kort tekst der du skildrar forskingsinteressene dine, og motivasjonen din for å søkje stillinga. Dette bør ikkje vere meir enn ei A4-side.
- fullt namn og kontaktopplysningar til to eller tre referansar, helst hovudrettleiar fra doktorgrad, og/eller referansar frå andre nylige tilsettingshøve
- CV, karakterutskrifter og vitnemål, dessutan relevante attestar
- eventuell liste over vitskaplege publikasjonar
Alle dokument må vere på et skandinavisk språk, eller på engelsk. Kandidatar med dokumentasjon få utanalndske institusjonar må legge ved institusjonen si karaktersystemforklaring.
Vi tilbyr:
- moglegheit til å jobbe i ein av dei leiande marine forskingsinstitusjonane i Europa
- eit kreativt arbeidsmiljø
- lokalar sentralt i Bergen
- fleksible arbeidstider
- offentleg tenestepensjon gjennom Statens pensjonskasse
- bedriftshytter, treningsfasilitear og andre velferdsgoder
Ytterlegare informasjon
Stillinga er lønt som 1352 postdoktor, i samsvar med hovudtariffavtalane i staten, avhengig av kvalifikasjonane dine, og eigenskapar i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Søknad skal sendast elektronisk via Jobbnorge.
Opplysningar om søkjarar kan bli offentliggjorte, sjølv om søkjar har bede om å vere unntatt søkjerlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.
Havforskingsinstituttet er underlagt regelverket for eksportkontroll. Regelverket gjeld for handsamingav søknader til stillinga.
Søkjarar med utdanning frå utlandet kan bli beden om å framleggje NOKUT-godkjenning (https://www.nokut.no/en/)av utdanninga si.
FerdigheterAI-generert
- Akvakultur
- Biologi
- Datainnsamling og analyse
- R
- Statistisk analyse programvare
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Havforskingsinstituttet er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel 1000 tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv åtte eigne forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Postboks 1870, Nordnes, 5817 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453409330
- Sist endret


