Vikariat i 100% stilling
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
- Frist 12.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat i 100% stilling
Tilrettelagte tenester ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig 100% vikariat frå 16.04.26 - 31.08.27, men kan bli lengd.
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.
Bjørnefjorden bufellesskap gjev tenester til vaksne og har 12 tenestemottakarar. Bufellesskapet ligg nokre minutt i frå Os sentrum,
Arbeidsoppgåver
Tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Stillinga er i turnus, med arbeid kvar 4. helg (f.t flest langvakter)
Kvalifikasjonar
Søkjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar, men andre søkjarar med relevant utdanning og erfaring til brukargruppa, blir også vurderte, og brei erfaring kan kompensera for formal kompetanse.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og dine personlege eigenskap og erfaring blir særs vektlagt. Stillinga er for tida i team rundt brukar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
helsefagarbeidar, helse, turnus, heiltid, vikariat
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452942853
- Sist endret
