Bildegalleri
Lagerhall gis bort/selgast billig mot demontering/henting
Til salgs
1 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Lagerhall med stålkonstuksjon og metallkledning gis bort eller selgast til høgstbydande mot at den blir demontert og fjerna frå tomta. Betonggolv og ringmur treng ikkje fjernast.
Hallen har ei grunnflate på 430 m2 i tillegg til eit 100 m2 stort messanindekke. Lagerhallen har:
Betongfundamentert gulv på grunn og ringmur.
Overbygning med bæring av stålkonstruksjoner inkl. fagverk i tak.
Messanin med bæring av stål.
Utvendig kledt med metallplater inkl. for taktekking.
Innvendig platekledt, metallpatekledning i himling.
Tretrapp til messanin.
TAKST
Det blei gjennomført takst den 24.12.2024. Bygningsmessig standard er vurdert til "alminneleg god for føremålet". Takst kan sendast ved førespurnad.
FØRESETNADAR FOR OVERTAKING
Kjøpar står sjølv for all demontering, transport og opprydding.
Hallen blir overteken som den står, utan garantiar.
Kommunen fråskriv seg alt ansvar for tilstand, bereevne, skjulte feil eller skadar under demontering og vidare bruk.
Kjøpar har fullt ansvar for tryggleik, forsikring og etterleving av gjeldande regelverk.
PRIS
Dersom fleire melder interesse, vil hallen bli tildelt den som gjev høgaste bod.
Kommunen står fritt til å avvise bod som ikkje er gjennomførbare.
SYNFARING
Det kan haldast synfaring av lagerhallen etter nærmare avtale.
BODGIVING
Kommunen tek imot bod på lagerhallen fram til og med onsdag 18.mars 2026 kl. 13:00. For kvart bod som kjem inn i løpet av siste halvtime før bodfrist går ut, blir bodfristen forlenga med ein halv time. Alle bod skal gjevast skriftleg på e-post eller SMS til seljar. Kravet til skriftlege gjelder også bodforhøging og motbod, aksept eller avslag frå seljar. Eit bod bør innehalde eigedomens gnr./bnr., kjøpesum, bodgivars kontaktinformasjon og eventuelle atterhald. Normalt vil ikkje eit bod med atterhald bli akseptert før atterhaldet er avklart.
DEMONTERING/HENTING
Tidspunkt for demontering/henting må avtalast nærmare.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 2.3.2026 kl. 13:59 ・ FINN-kode: 452931235


