IT-konsulent
Tussa
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har 116 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Tussa IKT har arbeid med datasenterteknologi i mange år og er ISO 27001-sertifisert
Selskapet er lokalisert i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes, Sykkylven og Stryn.
Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=w9kOXz-XuKc2LUdVIT-konsulentVi utvidar konsulentmiljøet vårt, og ser etter deg som er løysingsorientert, utadvendt og kundeorientert. Du må vere opptatt av å yte god kundeservice, jobbe strukturert og systematisk, og beherske norsk og engelsk skriftleg og munnleg. Du må rekne med å måtte reise ut til kundar.
Arbeidsoppgåver:
- Løysingsdesign til nye og eksisterande kundar
- Planleggje, konfigurere og implementere serverar og nettverksløysningar
- Administrere, feilsøkje og rette feil på serverar og nettverk
- Utfordrande og varierte oppgåver hos og for kundane våre
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning og god teknisk forståing
- Erfaring med oppsett og konfigurasjon av brannmur og nettverksløysingar
- Ønskjeleg med erfaring innan serverløysningar som til dømes vmware, HyperV, Veeam og Windows-server
- Ønskjeleg med erfaring frå prosjektarbeid
- Personlige eigenskapar vil bli vektlagt
Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Oppmøtestad er fortrinnsvis ved hovudkontoret vårt i Ørsta, men andre Tussakontor kan vere aktuelt.
Vi kan tilby:
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
- Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
- Kompetanseutvikling og sertifiseringar
- Konkurransedyktig løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452838281
- Sist endret

