Bildegalleri
Beolab 18 høgtalarpar med Transmitter, Core og BeoRemote
Til salgs
50 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Merke: Bang & Olufsen
Vurderer å selge eit svært pent par BeoLab 18 med Core, Transmitter 1 og BeoRemote – komplett trådlaus B&O-pakke.
Eg har blitt ekstremt glad i desse då dei leverer musikk på kremnivå samtidig som dei er praktfulle møbel i heimen. Som utdanna musikar har eg vore spesielt imponert over kor musikalske og presise desse små høgtalarane faktisk er.
Finish i gull og lameller i røykt eik. Gulldelen er av svært god kvalitet og ser ut som ny. Nokre av lamellane har blitt festa med lim etter at dei lausna. Dette er ikkje synleg frå utsida. Nye og originale kan framleis kjøpast på nett.
Kjøpt på B&O Bergen Tårnplass i 2018. Med Transmitter 1 og Beousound Core så har du alt som trengs for å få trådlaus gromlyd med kva som helst trådlaus eining. Med BeoRemote har du ein stilig trådlaus fjernkontroll som styrer det meste.
Selges kun samla.
Følgjer med:
• 2 stk BeoLab 18
• BeoSound Core
• Transmitter 1 (WiSA trådlaus tilkopling)
• BeoRemote
• Originale kablar
Ps: Eg skreiv i tidlegare utgåve at det kom “popping” frå høgtalarane pga. ujorda straum. Dette har eg fått bekrefta (og testa) at ikkje kjem av manglande jording men pga mesh-nettverk som forstyrra signalet på transmitteren.
Kan vere open for bud ved rask og smertefri handel, aller helst med personleg oppmøte for visning og testing av utstyr.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.3.2026 kl. 21:40 ・ FINN-kode: 452599164





