Apotekar
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 10.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Apotekar
Sjukehusapoteka Vest HF (SAV) er eitt av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Dei seks sjukehusapoteka våre er knytta til dei største sjukehusa i regionen og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og tenester med høg farmasifagleg kompetanse.
Arbeidet vårt er fordelt på fire verksemdsområde: publikumsapotek, produksjon, sjukehusekspedisjon og farmasøytiske tenester. Det er om lag 30 tilsette ved Sjukehusapoteket i Førde i dag, inkludert tre avdelingsleiarar som saman med apotekar utgjer leiargruppa.
Apoteket har nyleg fått nye lokale og er inne i ein spennande periode, og har mellom anna nyleg etablert farmasitun i tett samarbeid med Helse Førde.
Vi søkjer no ny apotekar. Hos oss får du ei unik moglegheit til å leie og vidareutvikle eit innhaldsrikt og spennande apotek, i tett samarbeid med medarbeidarar og andre leiarar. Du får ei nøkkelrolle i arbeidet med å sikre trygge og gode apotektenester til sjukehus og pasientar i Helse Førde sitt nedslagsfelt. I tillegg blir du blir ein viktig bidragsytar i SAV si toppleiargruppe, og leiaren din blir administrerande direktør.
Oppstart i stillinga: 1. mai 2026, eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- øvste leiar for apoteket med personal-, økonomi- og fagleg ansvar for apoteket si drift og utvikling innanfor rammene til SAV
- følgje opp og utvikle vidare samarbeidet med Helse Førde
- ansvar for å ivareta og utvikle eit godt tenestetilbod på dei fire verksemdsområda
- andre oppgåver kan tilfalle ved behov
Kvalifikasjonar
- Du er utdanna farmasøyt og fyller krava til å få driftskonsesjon for apotek
- Vi ser etter deg som har leiarerfaring, primært frå apotek
- Du må ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du trivst i leiarrolla og er opptatt av å oppnå resultat
- Du er opptatt av fagleg utvikling og er interessert i og nysgjerrig på fleire delar av farmasifaget
- Du fremjar samarbeid og bidreg til trivsel og eit godt arbeidsmiljø
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- ei leiande rolle i eit dynamisk, stort og inspirerande fagmiljø, med eit viktig samfunnsoppdrag i botn
- gode moglegheiter for å utvikle deg fagleg og som leiar
- støttande og samarbeidsvillige leiarkollegaer
- godt arbeidsmiljø
- løn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Farmasi
- Generell legemiddelkunnskap
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,7 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje: Farmasi og legemiddel, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Farmasøyt, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Apoteker, Sykehusapotek, Sjukehusapotek, Ledelse, Leiing
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452540378
- Sist endret


