100 % avtaleheimel i plastikk kirurgi i Stavangerområdet
Helse Vest RHF
- Frist 16.03.2026
- Ansettelsesform Engasjement
100 % avtaleheimel i plastikk kirurgi i Stavangerområdet
100 % avtaleheimel for godkjend spesialist i plastikk kirurgi er ledig omgåande.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
- erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
- erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
- personlege eigenskapar
- innretning av praksis
- samarbeid med andre
Arbeidsoppgåver
Praksis skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldande rammeavtale mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening.
Avtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Stavanger HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Stavanger HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Stavanger HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
Plassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.
Helse Vest ønsker at avtalespesialisten organiserer seg i gruppepraksis, jf. punkt 6.1 i rammeavtalen. Det er ønskeleg at praksisen blir etablert i tilknyting til eksisterande hudlegepraksis i Hillevåg i Stavanger (hudlege Sheila Fevang), og at det blir vurdert å inngå avtale om drift av gruppepraksis med eksisterande praksisinnehavar.
Spørsmål om heimelen kan rettast til Helse Vest ved Torleiv Bergland, tlf. 415 33 822.
Vilkår og rammer
Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 1 175 000 (klasse 1) til kr. 1 750 000 (klasse 3).Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuell søkjar før det vert gitt tilbod om avtaleheimelen.
FerdigheterAI-generert
- Diagnostikk
- Pasientbehandling
- Plastisk kirurgi
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Hud, Kirurgi, Spesiallege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Plastikk kirurgi, Legespesialist, Lege, kirurgi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452342650
- Sist endret


