
Journalist
NRK
- Frist 08.03.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du lage nyheiter for unge? Vi søkjer to vikarar!
Er du ein av dei som verkeleg har lyst til å forklare verda på ein enkel og engasjerande måte? NRK DM i Trondheim søkjer no to journalistar som forstår korleis dei gode historiene bør forteljast til vår målgruppe.
Arbeidsoppgaver
Om oss
Frå Trondheim er DM-redaksjonen ein av Noregs viktigaste formidlarar av nyheiter til unge. Vi lagar innhald for NRK Nyheter på P3, mP3, Instagram og TikTok. Kvar veke når vi ut til hundretusenvis av unge brukarar på tvers av plattformene våre.
Så her får du moglegheita til å jobbe med både radio, podkast og sosiale medium!
Jobben vår er å forklare nyheiter enkelt, slik at alle kan forstå. Vi arbeider i det største nyheitsmiljøet til NRK utanfor Oslo, og vil utvikle journalistikken og den digitale kompetansen vidare saman med deg.
Kvalifikasjoner (overskrift)
Kjapt oppdatert – ein frisk start på dagen
Som journalist hos oss vil du vere ein sentral del av podkasten Kjapt oppdatert. Dette er ein kort nyhetspodkast som kjem ut klokka 06.00 måndag til fredag. Målet er å gjere lyttaren oppdatert på kva som har skjedd og kva som skal skje på kortast mogleg tid.
Ikkje alle har tid til å lese lange saker eller høyre på Nyhetsmorgen. Vi vil levere nyheiter på ein måte som er enkel å forstå, uansett kva ein kan om saka frå før. Dette krev at du er førebudd på å stå grytidlig opp for å starte dagen saman med lyttarane våre i NRK Radio.
Vi ønskjer deg som:
- Likar å fortelje om det som angår unges liv, kvardag og framtid med eit godt og enkelt språk.
- Har teft for nyheiter og god formidlingsevne til både radio, podkast og sosiale medium.
- Veit kva som rører seg på plattformer som Instagram og TikTok.
- Har god visuell forståing og kan redigering.
- Har god etisk vurderingsevne.
- Taklar høgt arbeidstempo og jobbing i turnus (inkludert tidlegvakter).
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø med raus deling av kunnskap og godt humør.
Vi tilbyr:
- Ein spennande jobb i eit kreativt miljø med journalistar som brenn for samfunnsoppdraget.
- Moglegheita til å prege korleis framtidas nyheitsformidling ser ut.
- Vi har det største nyheitsmiljøet i NRK utanfor Oslo, og er i full gang med nye satsingar og modernisering før flytting inn i topp moderne lokale i 2026.
- Grei kaffi.
NRK har over 200 tilsette i Trondheim. Som tilsett i NRK Trøndelag blir du ein del av eit mediehus som kan tilby kompetanseheving, stadig nye utfordringar og nye arbeidsoppgåver gjennom karrieren.
NRK er for alle, og ein viktig del av oppdraget er å bidra til eit inkluderande og nysgjerrig Noreg. For å få til dette treng vi større mangfald. Vi ser etter deg som ønskjer å bruke di erfaring, bakgrunn og identitet til å bidra til å utvikle og profilere NRK som ein inkluderande arbeidsplass
FerdigheterAI-generert
- Nyhetsjournalistikk
- Podkasting
- Social Media
- Tekstredigeringsferdigheter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?
NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Otto Nielsens veg 2, 7052 Trondheim
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Medie- og innholdsproduksjon
- Stillingsfunksjon: Journalist
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
podkast, ung
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451779402
- Sist endret
